Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Transfiguration pending
Hopp til innhald

Brukar:Dittaeva/Wikipedia-kurs-2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

6. og 7. november 2012 heldt Sogn og Fjordane fylkeskommune Wikipedia-kurs[1]. Kurset vart finansiert av Norsk kulturråd som del av deira satsing på Wikipedia og vart halde av Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Sigrun Espe og Guttorm Flatabø innleigd frå Vestlandsforsking.

Presentasjon av deltakarane, kaffi.

(Dette er ein presentasjonswiki. Lær av innhaldet, gjer gjerne endringar direkte og gje tilbakemeldingar på diskusjonssida.)

Kvifor Wikipedia for arkiv, museum og kunst?

[endre | endre wikiteksten]

Kvifor Wikipedia

[endre | endre wikiteksten]
  • Største og viktigaste oppslagsverket i verda.
  • Du kan sjølv vere med å definere innhaldet.
  • Innhaldet blir brukt i mange andre tenester.
  • Demokratisk og fri tilgang for alle.

Arkiv, bibliotek, museum, kunst

[endre | endre wikiteksten]
  • Kvifor er Wikipedia plassen å vere for desse aktørar innanfor kunst- og kultursektoren?
  • Kva skal til for at vi lukkast på Wikipedia?
  • Kva er dei konkrete måla for Kulturrådet si satsing på Wikipedia og for dette kurset?

Deltakarane

[endre | endre wikiteksten]

Deltakarane kom frå (inga spesiell rekkefølgje) Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Operahuset Nordfjord, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Nordfjord Sogelag, Sunnfjord Museum, Singerheimen, Lærdal kommune, ABM-utvikling, Reisemål Vik i Sogn, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Musea i Sogn og Fjordane (MISF).

Dei aller fleste var nybyrjarar, nokre hadde bidrege med foto og/eller tekst, og nokre hadde også registrert seg, og hadde forfatta (sjå ev. bokmålswikipediaen):

Kurshaldarar

[endre | endre wikiteksten]

Brukarar Leikanger

[endre | endre wikiteksten]

Brukarar Førde

[endre | endre wikiteksten]

Kurshaldarane

[endre | endre wikiteksten]

Guttorm Flatabø

[endre | endre wikiteksten]

Grensesnittet

[endre | endre wikiteksten]
  • Venstremenyen
  • Brukarmenyen (oppe til høgre)
  • Diskusjonssider
  • Siste endringar
  • Historikk og overvakingsliste

Formidlingstenester

[endre | endre wikiteksten]

Prøv å knyte artiklane dykkar til aktuelle formidlingstenester:

Grunnleggjande prinsipp for Wikipedia

[endre | endre wikiteksten]
  • Wiki: alle kan bidra, alle revisjonar blir lagra i historikken (inkje forsvinn), ingen har einerett til noko innhald, du skriv «kjeldekode». -pedia: innhaldet skal vere «leksikalt», Wikipedia er ikkje staden for dikt og forteljingar.
  • Wikipedia:Fem søyler:
    • Wikipedia er eit leksikon
    • Artiklane har «nøytral synsvinkel»
    • Wikipedia er fritt tilgjengeleg og redigerbart for alle.
    • Wikipedia har reglar for etikette.
    • Wikipedia har ikkje permanente reglar (bortsett frå desse).
  • Wikipedia er eit sosialt nettsamfunn: lite hierarki, men «administratorar» og «byråkratar», byrja utan reglar, omfattande regelsett har etterkvart blitt utvikla, ikkje ver usosial så unngår du ein kalddusj!
    • Kvart språk har sitt samfunn.
  • Berre bidra med eige arbeid (ev. lisensiert).

Kom i gang

[endre | endre wikiteksten]

Dømeartiklar: Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Gunnar Gregusson.

Heimelekse

[endre | endre wikiteksten]

Kva artiklar ynskjer de å skrive? Me listar dei her (storparten skreiv på Nynorsk Wikipedia):

Registrering

[endre | endre wikiteksten]

Registrering er viktig for å bli teken seriøst, for å halde oversikt over eigne bidrag, og for å få jobba i fred. Det er også lettare å forholde seg til eit namn.

Registrer deg her.

Du vil få ei brukarside og ei brukardiskusjonsside knytt til brukarnamnet ditt. T.d. brukar:dittaeva, brukardiskusjon:dittaeva. På brukarsida presenterer du deg sjølv, på brukardiskusjonssida kan andre brukarar ta kontakt med deg og drøfte endringar du har gjort.

Det er god kotyme å presentere seg sjølv, og eventuelle intensjonar, forventingar og rollar (privat, jobb) på brukarsida. Sjå t.d. Brukar:Sigrunespe. Det er ei vanleg wiki-side så den må ryddast og kan redigerast av andre.

Wikipedia byrja når Web 2.0 enno ikkje var eit begrep. Formatering blir gjort med «kodar» som det finst eigne knappar for. Hjelp til koding:

Kva skal me lære i dag

[endre | endre wikiteksten]
  • Dei vanlegaste kodane (sjå arket)
  • Ingress
  • Kategorisering
  • Bilete
  • Kartfesting (geolokasjon)
  • Malar
  • Struktur og betydning for lesing på mobil
  • Interwiki (lenkjer til andre same artikkel på anna språk)

Start med å registrera dykk og opprett artiklane på eiga brukarsida. Bruk lenkjene me laga over og begynn på din artikkel. Du kan bruka malane {{spire}} og {{kurs pågår}} (mal:spire og mal:kurs pågår) før du lagrar, eller legg det inn på ei underside av brukarsida di.

Prinsipp og reglar for bruk av bilete

[endre | endre wikiteksten]
  • Bilete, video og lydfiler til bruk i artiklar skal leggjast ut på Wikimedia Commons slik at dei kan brukast på alle Wikimedia-prosjekt, og slik at administrasjon blir enklare og sentral. På Wikipedia Commons kan du også søke etter bilete.
  • Bilete på Wikipedia skal vere like «frie» som resten av innhaldet.
    • Det vil seie at du må ha rett til å publisere dei under vilkåra i CC-BY-SA 3.0 (sjå teksten under redigeringsboksen).
    • Hovudregelen er at du brukar eige materiale, eller materiale med kompatibel lisens:
      • Til dømes bilete på Digitalt fortalt
      • Bilete allereie lagt ut på Wikimedia Commons
  • Når du lastar opp bilete blir det laga ei tilknytt filskildringsside som er som andre wikisider.
  • Last opp bilete på Wikimedia Commons.
  • Du kan søka etter bilete på Flickr
  • Flickr Commons

Meir om kodar, malar osb.

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder/referansar

[endre | endre wikiteksten]
  • Vis alltid til kjeldene for stoffet, det er viktig!
    • Lag ein kjeldebolk.
    • Bruk gjerne kjeldekodar.

Malar er sider med standardinnhald, gjerne funksjonalitet som blir brukte til å leggja inn eller formatera innhald på andre sider. Dei held til i «mal»-namnerommet. Du kan inkludere innhaldet frå ein mal slik: {{døme på mal}}. Denne sida nyttar fleire malar. Dei er lista nederst på sida under redigeringsboksen.

Malar blir ofte brukt til faktaboksar som ofte blir nytta om institusjonar, personar og andre fenomen som har typiske fellestrekk.

I denne samanheng er til dømes desse aktuelle:

Du finn instruksjonar om bruk på malsidene. Sjå til dømes nb:Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og nb:Gunnar Gregusson.

På kurset i Førde oppdaga vi at infoboksen for museum berre fungerte på bokmål. Sigrun gjekk difor inn på dikusjonssida til Infobokser i nynorsk Wikipedia og spurde om nokon kunne opprette ei slik infoboks ogå på nynorsk. Dette vart gjort innan ein halvtime. Diskusjonen kan de sjå på Kategoridiskusjon:Infoboksar.

Ingressen skal vere kort. Bruk <onlyinclude>Ingressen her.</onlyinclude> for å spesifisere ingress i ein lengre tekst.

«onlyinclude» er laga for å spesifisere kva som skal takast med frå ei side som blir brukt som mal.

Les meir på Wikipedia:Hvordan_skrive_bedre_artikler og Wikipedia:Gjenbruk

Kategorisering

[endre | endre wikiteksten]

Kategoriar hjelper oss å navigere, systematisere og plassere stoffet.

Brukast ved å leggje inn kategori-kodar i slutten av artikkelen. T.d. [[Kategori:Kunstmuseer]]

Sjå Wikipedia:Kategorier, Hjelp:Kategorier, Spesial:Kategoritre, catgraph.

Kategoriar er som andre wiki-sider og kan innehalde tekst og bilete, osb. og vere kategoriserte sjølve. Prøv å bruka eksisterande kategoriar.

Bruk bileteknappen: [[Fil:Stegastein viewpoint.jpg|200px|miniatyr|høyre|Stegastein utsiktspunkt i 200 px breidd.]]

Stegastein utsiktspunkt i 200 px breidd.

Hugs at store bilete kan vere problematisk for mobile einingar.

Kartfesting (geolokasjon)

[endre | endre wikiteksten]

Bruk mal:koord, t.d. slik {{koord|44.112|-87.913|vis=tekst,tittel}} for å vise både i tekst: 61°10′53″N 6°51′16″E / 61.181276°N 6.854434°E / 61.181276; 6.854434, og i tittel.

Lenkjer til artikkelen på andre språk, brukar språkkode. Plasserast nedst i artikkelen i alfabetisk rekkefølgje. Til dømes [[nn:Wikipedia]]

Omset mellom bokmål og nynorsk på Apertium.org. Bruk mal:oversatt/nn:mal:omsett.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Eitt av hovudkriteria for å skrive om noko på Wikipedia, er at ein kan underbyggje det med eksterne kjelder. Desse kan visast til med fotnotar. Sjå elles Wikipedia:Bruk_av_kilder.

  1. Espe, Sigrun. 2012. «Invitasjon til Wikipediakurs | Kulturnett Sogn og Fjordane». Kulturnett Sogn og Fjordane. Henta november 5, 2012 (http://sfj.kulturnett.no/nyhende/18-09-invitasjon-til-wikipediakurs).

Problem me støytte på under kurset

[endre | endre wikiteksten]
  • Kvar er det blitt av «Verktøy > Last opp fil» for nye brukarar!? Eg hadde det i mitt brukargrensesnitt, men det var ikkje å finna i dei nye brukarane sitt brukargrensesnitt. Det var likevel ikkje noko problem å laste opp til Commons (ved å gå dit direkte).
  • Lenk til den nye Commons opplastar-wizarden slik som dei gjer på bokmålswikien, ver så snill, den er mykje enklare å forholde seg til for nybyrjarar.
  • Malar på bokmålswikien ikkje til stades eller inkomplette
    • mal:koord brukar «vising» istaden for «vis», er «vis» mindre nynorsk?
    • mal:koord forstår ikkje «vising=tekst»
Malen er ikkje basert på malen på bokmål og vart laga før denne i det heile eksisterte på bokmål. Prøvde å legge det til slik at ein kan nytte både vis og vising, men fekk det ikkje til. Ei endring vil innebere at titusenvis av artiklar som nyttar denne malen må endrast. Men «vising=tekst» skal no fungere (i tillegg til «vising=tekst,pålinje» og «vising=pålinje,tekst»). --Frokor (diskusjon) 8. november 2012 kl. 12:37 (CET)
Takk! --Guttorm (diskusjon) 8. november 2012 kl. 18:02 (CET)
  • Søk på Nynorsk Wikipedia (og ev. bokmålswikipediaen) viser ikkje til søk på nb og omvendt. Har gjort det før.
  • Når ein kjem til ikkje-eksisterande diskusjonssider så gjer MediWiki-meldinga beskjed om at «SIDETITTEL» (erstatta av sjølve sidetittelen) ikkje eksisterer, medan den burde gje beskjed om at «Diskusjon:SIDETITTEL» ikkje eksisterar. På translatewiki har er erstatta heile meldinga med utgangspunkt i meldinga frå nb-wiki, på Nynorsk Wikipedia har eg fiksa litt på ho.
  • Knapperada i endringsboksen har ikkje knappar for klammer ([[]]{{}}, osb.) slik som på bokmålswikipediaen.
Denne skal vere der, men det er stundom (kanskje 1 av 10 gonger hos meg i Firefox) problem at han ikkje dukkar opp under innlasting av ei side når ein trykker «endre». Kva som gjer dette veit eg ikkje, og heller ikkje om dei har same problemet på bokmål. Om problemet er større i andre nettlesarar er eg heller ikkje kjend med. Koden for knapperada er derimot kopiert frå bokmålsutgåva, så dei skal vere identiske. Løysinga mi er å laste sida på nytt. --Frokor (diskusjon) 8. november 2012 kl. 12:37 (CET)
Ok, eg har ikkje tid til å sjå meir på det no. --Guttorm (diskusjon) 8. november 2012 kl. 18:02 (CET)
  • Det er dobbelt opp med tilgang til spesialteikn; både i knapperada over redigeringsboksen, og i ein boks under redigeringsboksen.
  • Overskriftsknappen i knapperada er villeiande når ein kan velje mellom «Nivå 1», «Nivå 3», osb... når «Nivå 1» faktisk er nivå 2. Eg meiner at «Nivå 1» burde omdøypast til «Nivå 2», men eit alternativ er å behalda «Nivå 1» og omdøypa dei andre nivåa slik at det ikkje blir gap. Eg har ikkje sjekka korleis det er på andre språk, men slik det er no blir det feil okke som.--Guttorm (diskusjon) 7. november 2012 kl. 21:20 (CET)