Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

tirsdag 28. desember 2010

God julekule Jul!



Tenk at Strikkemor(o) klarte å få meg med på julekule-farsotten til Arne & Carlos
Var kjekt når svigerinna i Oslo, som fekk den raude og kvite kula, ringde og fortalde kor fornøgde dei var over å ha fått Norges mest trendy julepynt i julegåve:-)

mandag 27. september 2010

Kveldstur i Stigedalen

  
Laurdag var Strikkemor(o), Victor og eg på ein flott kveldstur inn til Movatnet. Vi starta i sol, men på vegen tilbake blei det etterkvart ganske så kaldt... Strikkemor(o) nektar dessverre å la seg avbilde på bloggen...

torsdag 27. mai 2010

Første tur på Fossane

2.pinsedag var Victor og Lillemø på Fossane for første gang denne våren.
Bilda er tatt kl ni om kvelden.


lørdag 3. april 2010

Bursdagsgåve frå Lappetausa

Denne flotte vårlege brikka fekk eg av Lappetausa til bursdagen min.
Den passar fint saman med påskepynten også:-)

søndag 21. mars 2010

Så vart det endeleg vår!

Nydeleg vårvèr i dag. Eg skal liksom jobbe med eit innlegg eg skal halde komande veke samt førebu prosjektarbeid. Då vart det plutseleg meir interessant å lage blogginnlegg:-)
Snøen smeltar i rekordfart:-)
Victor kosar seg på terrassen.

søndag 24. januar 2010

Siste sjal på ei stund...?


Er omsider blitt litt lei av å lage sjal, trur eg... Men kjekt å ha mange ulike sjal i mange ulike fargar. Dette heiter "Herbivore" og designer er Stephen West.
Så er det påan igjen med vest.

søndag 3. januar 2010

Endå eit sjal....:-)


Besta lurer på om vi ikkje har rikeleg med sjal her, men det blir visst aldri nok...:-) Dette Ishbel sjalet vart eg ferdig med i går. Det var eit ganske vanskeleg mønster, umogeleg å strikke og prate samstundes... Måtte rekke opp ein gang, men ga ikkje opp. Sjalet er strikka i Baby Silk frå "Du Store Alpakka". Anbefalt av Strikkemor(o). Skuldar ho framleis pengar for garnet...
Er sjølvsagt allereie i gang med neste sjal:-D