St. Petersburg

Fra Ikkepedia, det innholdsløse leksikonet
Hopp til navigering Hopp til søk
Petergrad
St. Petersburg
Flagg.jpg
(flagg)
Våpenskjold.jpg
(våpenskjold)
«Peter er best, slik er det berre»
Hovedsteder St. Petersburg
Største byer St. Petersburg, St. Paul og St. Hans
Innbyggertall Talet er abstrakt, kan ikkje skrivast
Offisielle språk Petrisk, petroiansk
Styreform Petrisk petrokrati
Tsar: Tsar Peter XXXIV
Visetsar: visetsar Peter XXXIV, MacGyver
Selvstendighet Ein dag for tusen år siden
Avhengig av Mongo-Lia, MacGyver
Uavhengig av Ei myr, i dag kjent som Petrosumpen
Valuta Spaserturer rundt vinterpalasset
Tidssone GMT+56
Nasjonaldag Mellom 1. januar og 31. desember
Landkode SPB
Toppnivådomene Statua av Peter
Nasjonalsang:
«"Peter XXXIV, Peter XXXIV über alles"»


«Har aldri vore der...»

- George W Bush

«Er det terroristar eller kommunistar der?»

- George W Bush

«Hø...?»

- Geir-Ivar Braklestad om St. Petersburg

«Dette vert for dumt»

- Ikkepedia om artikkelen om St. Petersburg

«Her i denne byen er TVen rar. Den oppfordrer til føgende: Pul Pervogo»

- Neida. Det betyr Paulus I (1754-1801)

St. Petersburg er ein by i Sovjet-republikken Peter, som ligg i ytre Mongo-Lia. Byen er hovudstad, og har eit innbygjartal på omtrent veldig mykje.


Kultur og geografi[rediger]

Desse kategoriane skulle sjølvsakt ikkje vore lagt saman, men det er noko eg ikkje kan gjere noko med. Som skriven ligg St. Petersburg i Peter som er eit vått ørkenlandskap. Like utanfor byen er det ein sump som heiter Petrosumpen, eller som han heiter på petrisk: "Chompic eit Eller anna Petrus sumpus" kalla opp etter Peter XVIII (1263-1131 Gjennom Kristus)

Den einaste kulturen er den årlege "Peter-utstillinga" som finn stad éin til to gongar i året, når på året er avhengig av når Tsar Peter vil ha ho.Peter-utstillinga inneheld stort sett berre éin ting; nemleg at alle i byen samler seg om ein av statuane der og ser på han.

Politikk[rediger]

Det finnst ikkje noko politikk i denne delen av verda. Det einaste vi veit er at Tsar Peter XXXIV regjerer der. Etter seinare granskning synar det seg at det kan vere bittelitt politisk veksemd der. Det er funnen spor av politikarar og partilogoar. Om dette kan ha noko med politikk å gjere, er det sterk tvil om. Men som sagt, eller kanskje ikkje...så regjerer Peter XXXIV med apsolutt makt, så noko form for politikk utover det er strengt tatt ikkje nødvendig...

Historie[rediger]

Alt starta då Tsar Peter XXXIV ein dag for tusen år sidan ville ha ein by. Han byggde byen heilt på eiga hand i omlag 3 minutt, før nokre andre kom og tok over. Tsar Peter XXXIV har styrt byen heilt sidan då. Med eitt unntak i perioden 1837-1949, for då regjerte MacGyver einsam. Det var han som starta produksjonen av gaffa-teip og Real Sviss Lommekniv (Men enkel-v).

USA innvaderte landet som ein del av den 3. Koreakrigen, som ikkje skjedde i Korea, for å stoppe utvinninga og produksjonen av gaffa-teip. Den vart nemleg brukt av MacGyver-entusiastar til å lage bomber som vart kasta mot diverse mål i USA.

Peter, altså Sovjet-republikken, er for tida ikkje merka av på noko kart, dette kjem av at Sovjet ikkje eksisterar i særleg stor grad. Dette er ikkje noko lokalfolka ikkje veit noko om.

Byen har hatt namn som Petrograd, Leningrad, Breddegrad etc.. Dette var i landet sine demokratiske glansdagar, då namnet til byen vart valt for fire år i gongen. Kvart fjerde år var det to namn å velje mellom, båe desse var det Peter som valte.

Ting som straum og fjernsyn fekk dei først i 2046, i mai. Statskanalen deira heiter DKK (Dorsk Krigskniv-Kasting), som sender frå ei pappeske ein stad i Ouagadougou. Internettet vil aldri verte oppfunne, og på den måten vil ingen der finne ut av at Sovjet-unionen ikkje lengre eksisterer.

Økonomi[rediger]

Den petroanske økonomien baserer seg no på illegal gaffa- og falskmynt-produksjon. Før dette vart alle pengane brukt til å byggje Vinterpalasset. Det var sånn passe dyrt å frakte all snøen frå Peter sin koloni på Vestpolen. Desse pengane fekk dei ved å pante alle tomflasker som var i landet på den tida.

Landets beste økonom er ein heilt tilfeldig person som veljast av økonomirådet, der Peter XXXIV, Peter og Peter pluss eit par andre er med. Det veljast éin for kvar månad. Spesielt, med sant.

Regentsrekka[rediger]

Tsar Peter XXXIV

Tsar Peter I, Primus

Tsar Peter II, Scekunda

Tsar Peter XVIII (berre på deltid)

Tsar Peter XXXVI

Tsar Peter XXXIV

Tsar Peter XXXIV

Tsar Peter XYXVII

Tsar Peter VXI

Tsar Peter WX

Tsar Peter 2x+y=5xy

Tsar Peter XXXIV

Geir VVVX

Tsar Peter XXIV

Tsar Peter VII

Tsar Peter IX

Tsar Peter XXXXXXXXXXV

Tsar Peter XXXIV

Tsar Peter XVII

Tsar Peter XXVIII

Tsar Peter XXXIII

Tsar Peter XXXIV

Pluss MacGyver som vikar i ein og annan periode.