Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

onsdag 12. juni 2024

Smily koppebrikker


Såg på Unni`s maskinbrodering at ho solgte filer til desse koppebrikene. Passa godt no når eg holder på å øve og trene på meir tekst og broderi på dataen og symaskina. Øving gjere meister....kanskje.



Artige smily , blir i godt humør når eg drikke kaffi saman med desse :)))


Kan nok brukast til diverse ting..... som pynt på t skjorte? på penalet? toalettveska?



Klem
Lilla dør
 

 

tirsdag 4. juni 2024

Tøy servietter


Besøk i drivhuset ein kveld.... trong nokre farge rike servietter. Det var då kom på at eg kunne sy dei av Kaffe Fasset stoffer (å minke på stofflageret er aldri feil) 
)


 


Vart fire stykk den kvelden, men det blir nok litt fleire etter kvart. Må avsløre at den kvelden bareklippa/reiv eg serviettene og så vaska eg sydde dei neste dag. Gjekk fint det og:))
 


 Klem
Lilla dør

onsdag 29. mai 2024

Fuglebad av rababrablad.


Sist helg gjorde Kari ting ho ikke kan, men det gjekk no tålig bra. Støype meg to fuglebad av rababrablad. Eg har gjort det for ti år sidan saman med svigerinna på hytta ved sjøen. No gjorde eg deg i hagen mellom plantekassane i sanden der.




Støypen skulle igrunn ikkje ha gått lenger ut enn til kanten av rabarbrabladet... får huske på det til neste gang.


Her er det gamle, datt ned fra stteinbordet i haust stormen.... 


Sjølve rababrabladet vil nok forsvinne etterkvart , må kanskje slipe litt på kanten. :)



Her er det minste fatet, det største er vel ca 70 cm.


 Klem
Lilla dør

torsdag 2. mai 2024

Ufo ...gjere ferdig endå eit slumreteppe.

 


Quilta det med symaskina


Det var delvis samansydd men alt var kutta opp. Fekk sydd det saman og quilta med symaskina
Mykje moda-stoffer i friske sommerfarger. Kan bli fint på terrassen i kjølige kvelder eller som sengeteppe....vi få se. Viktigast at eg har fått sydd det saman og fått det ut av det overfylte sy rommet.
.

Lukke kanten syast spå med maskin men må lukke den til med håndsøm



 Klar for håndsømmen


Klem
Lilla dør

tirsdag 30. april 2024

Symaskin broderi etter gamalt, kunnskap må hentast fram igjen :)


Eit gamalt design program til sy maskina hentast fram igjen med kjempe god hjelp fra ei venninne. Mange år sidan eg brukte denne delen av symaskina min. No har eg litt meir tid og vil prøve utforske det litt....så får vi sjå kva det blir til
 


I gang iallfall



Finnes mykje fint på nettet ein kan kjøpe og laste ned.  Bare det var ein kunnskap å tilegne seg :)
 



 Moro iallfall. Har lyst å lære meir om tekstbrodering.

Klem
Lilla dør

mandag 29. april 2024

Bestemor strikk til ei av prinsessene mine


Eg kjøpte 3 nøster av garnet Avio (Lano Grossa) sukkerfarga/ multid farga aprikos til rosa. Må innrømme eg kjøpte garnet pga dei nydelig fargane før eg viste kva eg skulle bruke det til :). Strikka genseren på spinna nr 5. Hadde ikke eit mønster men kombinert ulike og etter innfallsmetoden
.


 


Brukte totalt 150 gr. Strikka den i størrelse 7 år.




 Klem
Bestemor

onsdag 24. april 2024

Prosjektmapper


Prosjektmapper /strikkesmappe får ein aldri nok av...... noen av dei gav eg vekk i gåve og som " påske egg"


Sydde dei i imitert skinn


 Klem
Lilla dør