Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

Storumans kommun

kommune i Västerbotten len i Sverige

Storuman kommune er ein svensk kommune i Västerbottens län i landskapet Lappland. Administrasjonssenteret ligg i Storuman og kommunen hadde 6 042 innbyggjarar den 31. desember 2011.

Storumans kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Västerbottens län
Landskap Lappland
Del av Lappland i Sverige, Q61669443
Areal 8 234,1 km²
 •  land 7 303,53 km²
 •  vatn 930,57 km²
Folketal 6 042[1]  (2011)
Kart
Storumans kommun
65°06′N 17°06′E / 65.1°N 17.1°E / 65.1; 17.1
Wikimedia Commons: Storuman Municipality

I Sverige grensar Storuman kommune mot Sorsele kommune i nord, Vilhelmina kommune i sør, og Lycksele kommune i aust. I Noreg grensar han mot Hattfjelldal kommune, Hemnes kommune og Rana kommune. Kommunen er kalla opp etter innsjøen Storuman.

Administrativ historie

endre

I 1780 vart Tärna forsamling utskilt frå Lycksele forsamling som eit kapellag. I 1822 vart deretter Stensele forsamling utskilt frå Lycksele forsamling som eit eige sokn.

Under kommunereforma i 1862 vart Tärna og Stensele slått saman og omdanna til landkommunen Stensele. Tärna vart deretter i 1903 utskilt som ein sjølvstendig landkommune, mens Stensele oppretta eit municipalsamhälle i Storuman i 1936 og eit anna i Stensele i 1937, som vart oppløyst i høvesvis 1963 og 1964.

Under kommunereforma i 1971 vart dei to landkommunane Stensele og Tärna attforeint under det nye namnet Storuman kommune.

Kommunekommunevåpenet

endre

I 1951 fekk landkommunen Stensele eit eige kommunekommunevåpen, men ikkje Tärna. Etter attforeininga i 1971 valde ein eit nytt kommunevåpen, som vart registrert av Patent- och registreringsverket i 1985. I følgje blasoneringa symboliserer den øvste delen silhuetten av Ryfjellet, sett frå nordvest, medan den nedste delen representerer skogane i kommunen.

Samisk språk

endre

Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og Storuman kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

Geografi

endre

Ume älv renn gjennom kommunen. Lengst vest i kommunen er det høgfjellsområde, og det høgaste fjellet er Norra Sytertoppen (1768 moh). I nordaust ligg Artfjället med omfattande underjordiske grottesystem.[3]

E12 og E45 går gjennom kommunen, og Storuman er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Inlandsbanan og tverrsambandet mellom Storuman og HellnäsStambanan genom övre Norrland. Storuman var fram til 2010 den einaste kommunen i Sverige som hadde to flyplassar med ruter innanfor kommunegrensene. Det er derimot ingen ruteflygingar lenger til Storuman flyplass, men frå Hemavan Tärnaby flyplass er det dagleg samband til Stockholm.

Skisport

endre

Storuman kommune er kjend for vintersportstaden Tärnaby, som har fostra alpintstjerner på løpande band. Jens Byggmark, Ingemar Stenmark, Bengt-Erik Grahn, Anja Pärson og Stig Strand kjem alle herfrå.

Tettstader

endre
 
Kommunehuset i Storuman.
 
Hemavan.

I år 2000 vart fire stader i Storuman kommune definerte som tettstader. Tabellen nedanfor gjev innbyggjartal per 31. desember 2005.[4]

# Tettstad Innbyggjarar
1. Storuman 2 255
2. Stensele 578
3. Tärnaby 533
4. Hemavan/Bierke 216

Småstader

endre

Det finst sju småstader i Storuman kommune (folketal per 31. desember 2005)[4]:

Nr Småstad Folkemengd
1 Gunnarn 173
2 Skarvsjöby 108
3 Barsele 95
4 Slussfors 77
5 Åskilje 70
6 Långsjöby (austre del) 65
7 Långsjöby (vestre del) 60

Andre stader

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre