Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Forsiden av en bibel. Det er en rødbrun bok, og det står trykket med gullbokstaver «Bibelen _ den hellige skrift».
Bibelen er delt inn i Det gamle testamentet og Det nye testamentet.
Fotografi
Av .

Bibelen er den viktigaste boka i kristendommen. Han er eigentleg ikkje éi bok, men ei samling bøker av ulike forfattarar. Desse tekstane er heilage for kristne.

Bibelen har to hovuddelar. Dei heiter Det gamle testamentet og Det nye testamentet, forkorta til GT og NT.

Av og til snakkar ein om 'Den hebraiske bibelen'. Då meiner ein Tanakh i jødedommen. Tanakh er nesten heilt lik Det gamle testamentet.

Det gamle testamentet

Forsiden av en bok. Det står Barnas Bibel med store bokstaver på den. Det er mange tegninger på boka, av mennesker som gjør ulike ting. Det nederste bildet er en bakketopp med tre kors på.

Det finst eigne biblar for born, med enklare tekst og mange teikningar.

Fotografi, bokomslag
Av .

Det gamle testamentet er i hovudsak skrive på språket hebraisk, og blei til mellom ca. år 950 og 150 fvt.

Bibelen startar med at Gud skaper verda. Resten av tekstane handlar i hovudsak om historia til folket frå Israel. Dei blei seinare kalla jødane. Derfor er Det gamle testamentet viktig i jødedommen òg.

Det nye testamentet

Tekstane i Det nye testamentet blei skrivne frå rundt år 50 til 100 evt. Desse tekstane blei skrivne på gresk. Dei er heilage i kristendommen. Det nye testamentet handlar mest om Jesus, og dei første kristne som følgde han.

Ulike tekster

Bibelen er ikkje éi bok, men ei stor samling av tekster, som er skrivne av mange ulike menneske. Bibelen inneheld historieforteljingar, lover, profetiar (spådommar), salmar, ordspråk og brev. Gjennom historia har tekstene blitt kopierte og skrivne om mange gonger.

I ulike delar av kristendommen er folk usamde om kva som bør vere med av tekstene i Bibelen. I katolske og ortodokse biblar inneheld Det gamle testamentet nokre fleire tekster enn i dei protestantiske.

Bibelen til alle

På 1400-talet var det mest prestar, kongar og adelsmenn som hadde biblar. Tekstene blei kopierte og skrivne for hand av munkar i kloster. Dei var svært sjeldne og dyre. Oppfinninga av boktrykkjarkunsten gjorde at ein kunne trykkje mange biblar, så fleire kunne lese dei.

I Europa blei Bibelen først omsett til latin. På 1500-talet begynte ein å omsetje tekstene til språk fleire folk kunne forstå. I 1534 kom ei ny omsetjing til tysk, av Martin Luther, som var teolog og som starta reformasjonen. Dermed blei Bibelen, og tekstene i han, tilgjengeleg for folk flest.

I 1904 kom ein heil bibel på norsk bokmål.

Bibelen i kulturen

Bibelen har hatt stor påverknad på kultur. Både språk, musikk, biletkunst, film og litteratur har motiv som er inspirerte av Bibelen.

Den kristne Bibelen er den boka i verda som blir mest omsett og mest lesen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Berit S. Thorbjørnsrud
Professor, Universitetet i Oslo