Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

Faktaboks

Inger Johanne Sæterbakk
Fødd
19. august 1981, Orkanger
Foto av bokomslag.
Foto av bokomslag.
Av .

Inger Johanne Sæterbakk er ein norsk forfattar som skriv for barn og ungdom.

Bakgrunn

Inger Johanne Sæterbakk er fødd og oppvaksen i Orkanger i Trøndelag. Ho arbeider vedDet Norske Teatret.

Karriere

Inger Johanne skreiv sin første roman saman med Guri Idsø Viken: Magnhild (2013). Etter det har ho skrive tre romanar åleine: 1000 dagar (2017), Rundt jorda og tilbake (2020) og Hjartespreng (2023).

Tema

Inger Johanne Sæterbakk skriv om tema som mange unge kan kjenne seg igjen i: Vennskap og forelsking, gruppepress, å finne sin plass i flokken, og det stole på seg sjølv og på andre.

I 1000 dagar er Johanna og Georg hovudpersonar. Dei har vore venner heile livet. Når dei hamnar i same klasse på ungdomsskulen, synest plutseleg ikkje Johanna at Georg er kul nok. Ho kan ikkje risikere at andre trur ho er forelska i han. Difor bestemmer ho seg for å ta ein pause i vennskapet på 1000 dagar. Det er like lenge som ungdomsskulen varer.

I Rundt jorda og tilbake møter lesaren Jonas som vil gjere absolutt alt for å få mamma glad igjen etter at pappa har flytta ut. Det blir ikkje enklare når mamma leiger ut halve huset og Mina frå Jonas si klasse flyttar inn. Mina meiner det står i stjernene at foreldra til Jonas eigentleg passar ekstremt godt saman. Jonas bestemmer seg for å finne ut om Mina har rett.

I Hjartespreng er Inga på 16 år hovudperson. Sjølv om Inga er flink til mykje, kjenner ho på seg at ho er ein mislykka 16-åring. Ho er ikkje som dei andre jentene. Ho drikk seg ikkje full, er ikkje på festar og er ikkje saman med gutar. Inga veit ikkje om ho kan få det til, om ho tør og vil, og kven ho kan stole på. Ho må øve seg på å vere 16 år.

Betydning

Hjartespreng er ei av ungdomsbøkene frå 2023 som blei foreslått til Uprisen 2024. Det er Foreningen !les som deler ut prisen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Morten O. Haugen