Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Foto av engelsk horn.

Den pæreforma, nedste delen på eit engelsk horn blir òg kalla kjærleiksfot. Han gir klangen til instrumentet ei blaut, litt «drøymande» form.

Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Engelsk horn er eit musikkinstrument som lagar lyd, ved at ein blæs inn i det. Engelsk horn er vanlegvis laga i tre og er eit treblåseinstrument.

Engelsk horn blir mest brukt i klassisk musikk. Det er mykje brukt i symfoniorkester.

Engelsk horn er svært likt instrumentet obo. Skilnaden er at engelsk horn er litt lengre, det kan spele mørkare tonar, og den eine opninga (endestykket) er forma som ei pære. Den runde forma på endestykket gjer at engelsk horn har ein mjukare, meir draumeaktig lyd (klang) enn obo.

Bruk

Nærbilde av et engelsk horn som blir spilt på.

Engelsk horn blir ofte brukt i symfoniorkester.

Foto av engelsk horn.
Av .

Eit engelsk horn består av eit trerøyr, med mange hól nedover langs røyret. Over hóla er det klaffar ein trykkjer inn og dekkjer hóla med. I kvar ende er det ei opning. Øvst er eit langt, smalt munnstykke, som ein blæs inn i. Dette munnstykket blir kalla eit dobbelt røyrblad, fordi det består av to trefliser. Munnstykket er litt bøygt.

For å spele på engelsk horn, pressar ein dei to flisene saman med leppene og blæs. Kor hardt ein pressar og blæs, og kva klaffar ein trykkjer inn, bestemmer kva tone som kjem ut.

Som andre instrument, er ulike obo-instrument delte inn i kor lyse eller mørke tonar dei kan spele. Sopran er lysast, så kjem alt, tenor og bass/baryton. Engelsk horn er tenorstemme, medan obo er sopranstemme.

Engelsk horn blir som regel spela av oboistar.

Historie

Det er usikkert kvar namnet engelsk horn kjem frå. Det er eit treblåsinstrument, og ikkje eit messingblåseinstrument, slik andre horn er. Difor er det merkeleg at det blir kalla eit horn. Somme meiner «engelsk» kjem av at det vart mykje brukt i England, og at «horn» kjem av at ein tidleg versjon var bøygd som eit horn.

Engelsk horn vart utvikla ein gong på 1600-talet. Ein kan finne engelsk horn i notar allereie frå slutten av 1600-talet.

Engelsk horn i musikken

Engelsk horn er som regel eit melodiinstrument. Det vil seie at det spelar melodistemma i musikken.

Instrumentet blir mest brukt i klassisk musikk, oftast som del av eit symfoniorkester. Engelsk horn spelar melodistemma i mange kjende symfoniar. Eit døme er Antonín Dvořák sin kjende symfoni «Frå den nye verda».

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet