Funksjonsnedsetting er å ha ein skade, mangel eller sjukdom, som gjer at ein ikkje kan leve heilt som andre.
Det finst to typar funksjonsnedsetting:
- Fysisk funksjonsnedsetting er når det er noko i kroppen eller sansane som er nedsett. Å vere blind, døv eller lam er nokre eksempel. Nokre fysiske funksjonsnedsettingar kan andre folk sjå, men ikkje alle.
- Psykisk funksjonsnedsetting kjem av ein skade eller ei endring i korleis hjernen fungerer. Ein kan ikkje alltid sjå om ein person har ei psykisk funksjonsnedsetting.
Funksjonsnedsetting kan vere noko ein er fødd med, eller det kan ha skjedd på grunn av ein sjukdom eller skade.
Nokre funksjonsnedsettingar varer heile livet. Ein som manglar ein arm, har for eksempel ei varig funksjonsnedsetting.
Nokre funksjonsnedsettingar er midlertidige. Ein som har brekt armen, har ei funksjonsnedsetting som berre varer til armen er bra att.