Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

Hen er eit personleg pronomen som ikkje seier noko om kjønn. Han og ho er personlege pronomen som seier noko om kjønn.

Ein kan bruke hen, når ein snakkar om nokon ein ikkje veit kjønnet på. Då brukar ein hen i staden for ho/han eller vedkomande. Det kan òg brukast der kjønn ikkje har noko å seie.

Ein del personar vil ikkje omtale seg sjølve som mann eller kvinne, men som ikkje-binære. Mange av dei brukar hen som personleg pronomen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Reidar Schei Jessen
Forsker, Universitetet i Oslo