Kråke er ein grå og svart fugl. Ho er den vanlegaste av kråkefuglane. Kråka finst overalt i Noreg, men dei fleste held til der det bur menneske.
Kråka finst spreidd over heile Europa, i nordlege delar av Asia, i Midtausten og vest i Russland.
Kråke er ein grå og svart fugl. Ho er den vanlegaste av kråkefuglane. Kråka finst overalt i Noreg, men dei fleste held til der det bur menneske.
Kråka finst spreidd over heile Europa, i nordlege delar av Asia, i Midtausten og vest i Russland.
Kråka er grå med svart hovud, bryst, venger og stjert (hale). Ho er nær 50 centimeter lang og veg 500–600 gram. Ho er nest størst av kråkefuglane, berre ramnen er større. Hoa og hannen er like.
Kråka har breie venger og ein vifteforma stjert. Ho har kraftig nebb og føter.
Kråker er intelligente og sosiale fuglar. Dei er nysgjerrige og har godt minne. Kråker tilpassar seg lett omgivnadane og finst ofte nær menneske. Blir ho mata kan ho kome nær folk. Kråka kan kjenne igjen personar og kan skilje mellom folk som ikkje er farlege og folk ho bør passe seg for.
Kråka kan vere både standfugl og trekkfugl. Om vinteren held mange kråker i Noreg seg langs kysten der dei kan finne mat. Kråker kan kome frå nord og vere vinteren over i Sør-Noreg. Dei kan også fly til Danmark, Tyskland, Belgia og Storbritannia. Desse vender tilbake i mars–april.
Kråka et alt mogeleg: insekt, skjel, småfisk, frosk, mus, fuglar, bær og korn.
Kråker et også egg og ungar frå andre fuglar. Då sitt dei på ein utkikksplass og følgjer med når dei andre fuglane forlét reiret sitt.
Utanom hekketida kan kråker samlast i store flokkar for å overnatte i parkar og skogar. Ved å vere fleire, er det alltid nokon som er vakne og kan slå alarm dersom ein fiende nærmar seg. Kråka har få fiendar, men hønsehauk, jaktfalk og vandrefalk kan ete kråke.
Kråka kan bli omlag 20 år gamal.
Kråka held saman og hekkar med den same partnaren heile livet.
I mars–april byggjer paret saman eit reir av kvistar høgt i eit tre, ein fjellvegg eller på gamle bygningar. Hoa legg 4–5 blågrøne flekkete egg i april–mai. Ho rugar åleine i 17–19 døgn og blir mata av hannen. Ungane blir mata av begge foreldra og forlét reiret rundt fem veker gamle. Dei blir framleis mata i fleire veker etterpå.