Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Ein mobiltelefon med kart på. Kartet viser korleis ein person skal gå frå eit punkt til eit anna.

Den vanlegaste måten å bruke GPS på er med ein kart-app på ein telefon

GPS-kart på telefon
Av /Shutterstock.

Navigasjon er å bruke kart og andre verktøy for å finne vegen frå éin stad til ein annan. Å navigere er òg det å planleggje ei reise og gjennomføre ho. Det kan vere å finne vegen over hav, over land, gjennom lufta og i verdsrommet.

Å navigere

Navigasjon har fleire delar:

  1. Først må ein finne ut kvar ein er. Det er viktig at ein veit kvar ein er, i forhold til målet. Staden ein er på, blir kalla posisjonen. GPS er eit av datasystema som kan vise posisjonen din. Har ein ikkje GPS på telefonen, må ein sjå på kart og landemerke rundt seg.
  2. Etterpå må ein finne ut kvar ein skal. For å få det til, må ein planleggje ein måte å kome seg til målet på. Det heiter å leggje ein kurs. Det er ikkje alltid at den kortaste vegen er den beste. Nokre gonger kan den strakaste vegen vere bratt, eller ha hindringar, som skjer i sjøen. Då kan det løne seg å finne ei lengre, men lettare, rute.
  3. Så må ein utføre reisa. Under reisa må ein kontrollere at ein er på rett veg. Er ein ikkje det, må ein leggje om kursen.

Verktøy

Foto
Radar er eitt av verktøya ein bruker for å navigere store skip.
Radar på eit moderne skip
Av /Shutterstock.

Det viktigaste med navigasjon er å finne ut kor ein er, og korleis ein kan kome seg dit ein vil. For eksempel kan navigasjon vere å finne vegen frå huset sitt til ein butikk, eller frå éin by til ein annan. Det kan òg vere meir komplisert, som å finne vegen frå Jorda til ein romstasjon i verdsrommet.

Ein kan bruke kart, GPS, eller ein mobilapp når ein navigerer. Desse verktøya bruker informasjon frå satellittar i verdsrommet, for å vise kvar ein er og korleis ein kan kome seg dit ein vil.

Ein kan òg navigere med kompass. Dette bruker ein til å finne ut kvar på kartet ein er og kvar ein skal. Før kompasset var oppfunne, brukte ein retninga til sola, månen og stjernene for å navigere. Faste haldepunkt som bygningar og fjell kan ein òg bruke for å finne vegen.

Historie

For folk på skip har navigasjon vore viktig i tusenvis av år. Før oppfinningar som kompass og satellittar, brukte dei hovudsakleg stjernene om natta for å finne ut kva retning dei skulle fare. Særleg Polarstjerna på den nordlige halvkula var viktig. På den sørlege halvkula, der ein ikkje såg Polstjerna, var det vanleg å nytte stjernebiletet Sørkrossen.

Dei kunne òg bruke sola om dagen, og sjå kvar ho stod i forhold til horisonten, for å bestemme retninga.

På 1400-talet vart kompasset utvikla. Oppdagarar som Kristoffer Columbus var mellom dei første som brukte kompass til å navigere over dei store verdshava.

På skip bruker ein satellittar for å vite nøyaktig kvar ein er. Radar blir òg brukt i navigasjonen. I mange tilfelle navigerer ein ved hjelp av autopilot, eit system som gjer alle utrekningane sjølv og styrer dit ein skal.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Norvald Kjerstad
Dosent, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet