Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

Brønsle

planteslekt
(Omdirigert frå Bidens)

Brønsle (Bidens) er ei planteslekt i korgplantefamilien som veks over store delar av verda, særleg i tropisk og temperert klima.[1] Dei fleste artane finst i Afrika, Amerika og Polynesia, medan noko færre finst i Europa og Asia.[2] I Noreg veks to artar. Desse er eittårige sumpplantar med motsette blad og ugreina eller greina stengel, oftast om lag snaue. Brungule korger med ei rekkje gulbrune indre korgdekkblad og ei rekkje ytre korgdekkblad som er grøne og står langt ut. Fnokken er to-fire stive broddar med mothakar.

Brønsleslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Overstamme: Helianthodae
Stamme: Coreopsideae
Slekt: Brønsleslekta Bidens
L., 1753

Norske artar i brønsleslekta

endre

Kjelder

endre
  1. Bidens. New South Wales Flora Online. National Herbarium, Royal Botanic Garden, Sydney.
  2. Ganders, F. R., et al. (2000). ITS base sequence phylogeny in Bidens (Asteraceae): Evidence for the continental relatives of Hawaiian and Marquesan Bidens. Systematic Botany 25(1) 122-33.
  • Dansk Wikipedia.
  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.