Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Transfiguration pending
Hopp til innhald

Bogotá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bogotá
by
Flagg
Offisielt namn: Bogotá, D.C.
Motto: Bogotá, 2600 metros más cerca de las estrellas
Bogotá, 2600 m nærare stjernene
Kallenamn: Latin-Amerikas Athen
Land  Colombia
Høgd 2 640 m
Areal 1 578 km²
Folketal 7 743 955 (2020)[1]
Grunnlagd 6. august 1538
Kart
Bogotá
4°36′35″N 74°04′54″W / 4.60971°N 74.08175°W / 4.60971; -74.08175
Wikimedia Commons: Bogotá

Bogotá, offisielt kalla Bogotá, D.C. (D.C. for «Distrito Capital», 'hovudstadsdistrikt'), òg kalla Santa Fe de Bogotá, er hovudstaden i Colombia. Han er også den største byen i landet med nesten 6,8 millionar innbyggjarar (folketeljing 2005). Bogotá og Soacha, den største forstaden til hovudstaden, har eit estimert folketal på nesten 7,9 millionar innbyggjarar.[2]

Det colombiske nasjonalmuseet.

Opphavleg vart byen kalla Bacatá av Muisca-folket, og var senteret for sivilisasjonen deira før conquistadorane koloniserte området, folketalet auka. Den europeiske busetjinga vart grunnlagd 6. august 1538 av Gonzalo Jiménez de Quesada, og vart kalla Santa Fé de Bacatá, etter fødestaden hans Santa Fé og det lokale namnet. «Bacatá» hadde vorte «Bogotá» då han vart hovudstad i Det nye kongedømet Granada, som då var ein del av Visekongeriket Peru, og seinare i Visekongeriket Ny-Granada. Byen vart snart eit senter for den spanske kolonimakta i Sør-Amerika

I 1810–1811 revolusjonerte innbyggjarane mot det spanske styret, og sette ned si eiga regjering. Dei måtte derimot kjempe mot intern splid, og ein mellombels tilbakegang til spansk styre, som tok kontroll over byen igjen frå 1816 til 1819, då Simón Bolívar erobra han etter sigeren i Slaget ved Boyacá. Bogotá vart så hovudstad i Gran Colombia, ein føderasjon som inneheld områda av det som i dag er Panama, Colombia, Venezuela og Ecuador. Då denne republikken vart oppløyst til dagens inndeling, vart Bogotá verande hovudstad i Ny-Granada, som seinare vart Republikken Colombia.

I 1956 gjekk kommunen i lag med nabokommunane og danna eit «spesielt distrikt» (spansk Distrito Especial). Med grunnlova frå 1991 vart Bogotá stadfesta som hovudstad i Colombia, fekk namnet «Santa Fe de Bogotá», og endra kategori frå «spesielt distrikt» til «hovudstadsdistrikt» (spansk Distrito Capital).

I august 2000 skifta hovudstaden offisielt namn frå Santa Fé de Bogotá til det meir vanlege Bogotá. Dei lokale styresmaktene består av Hovudstadsdistriktet, og den noverande ordføraren er Luis Eduardo Garzón.

Plassering

[endre | endre wikiteksten]
Sabana de Bogotá, eit høgt platå.

Bogotá ligg midt i landet, aust for Sabana de Bogotá, 2 640 meter over havet. Sjølv om «sabana» ordrett tyder «savanne», er den geografiske staden eigentleg eit høgt platå i Andesfjella.

Bogotáelva kryssar sabanaen og dannar Tequendamafossane i sør. Sideelvane dannar dalar med blømande landsbyar, der økonomien er basert på jordbruk, kvegavl og handverk.

Sabanen grensar i aust mot Austlege Cordillera i Andesfjella. Dei omliggande åsane, som hindrar byen i å vekse, går frå sør til nord, parallelt til Guadalupe- og Monserratefjella. I vest grensar byen mot Bogotáelva, Sumapaz paramo er grensa i sør, og i nord strekker Bogotá seg over platået til landsbyane Chía og Sopó.

Vinter i Bogotá.

Middeltemperaturen på platået er 14,0 °C, og varierer frå –8 °C til 20 °C. Ein har tørke og regntider gjennom året, og dei tørraste månadane er frå desember til mars, medan dei våtaste er frå april til november, men då har ein som regel ein periode frå juni til august der det regnar mindre.

Klimaforholda er uregelmessige og varierer ein del på grunn av klimafenomenet El Niño og La Niña, som oppstår i Stillehavet og som har stor innverknad på klimaet.

Panoramabilete av Bogotá.
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «PROYECCIONES DE POBLACIÓN». Departamento Administrativo Nacional de Estadística. 
  2. DANE, Censo General 2005 Resultados Area Metropolitana de Bogotá

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bogotá