Prostitusjon i Bergen
Prostitusjon i Bergen har lange tradisjonar attende til mellomalderen. I ein handels- og sjøfartsby som Bergen var det mange folk innom som ville nytta seg av eit mangfaldig uteliv. Bergen var fram til godt ut på 1800-talet den største byen i Noreg, med mykje handelsverksemd mellom anna med Nord-Noreg. Ein uoffisiell del av utelivet er prostitusjon, eller sal av seksuelle tenester. For mange kvinner har slikt sal gjeve meir inntekter enn meir offisielle yrke. Hanseatane på Bryggen i Bergen hadde ikkje lov til å stifta familie medan dei var i teneste. I Øvregaten, bak Bryggen, hadde dei tyske hanseatane sine norske kvinner. Huset Steinkjelleren vart i 1455 omtala både som vertshus og som bordell. I 1556, det første året Christoffer Valkendorf var slottsherre på Bergenhus festning, «lodt hanndt nederbryde mannge af de Horrehuus som stode paa Offuergaden».
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Christopher John Harris: Fra Faldne Kvinder til Dyktige Piger. Bergensposten nr. 1. 2000 (Statsarkivet i Bergen)
- Vestindien og De Fire Løver - bordell og prostitusjon i Bergen
- Gro E. Bastiansen: "Væ dig Bergen du fule Sodomæ oc Gomorræ søster". En analyse av utenomekteskaplige forhold i Bergen 1597-1669" Hovedoppgåve i historie Universitetet i Bergen Våren 1995Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.