Wikipedia:Rettkjenning av informasjon
Utsjånad
Wikipedia-artiklar bør berre innehalda stoff som kan rettkjennast ved å gå til andre pålitelege kjelder. Dette er eit sentralt poeng i retningslinene for Wikipedia.
Korleis du kan opplysa om kjelder
[endre wikiteksten]Når du legg inn ei opplysning i ein artikkel, kan du skriva i redigeringssamandraget eller eventuelt på diskusjonssida kvar du har informasjonen frå.
Eller:
Du kan leggje kjeldeinformasjonen bak opplysninga (gjerne etter eit punktum), mellom to referansekodar: <ref>[Kjelde]</ref>. Ved å plassere malen {{fotnoteliste}} nedst i artikkelen, vert det der generert ei nummerert liste over referansar.
Eller:
Det enklaste og beste er ofte å skrive kjeldene inn i ein bolk nedst i artikkelen, under overskrifta ==Kjelder==