Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Alsace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alsace
Elsass
region
Symbol
Land  Frankrike
Departement  • Bas-Rhin
 • Haut-Rhin
Hovudstad Strasbourg
Kart
Alsace
48°30′N 7°30′E / 48.5°N 7.5°E / 48.5; 7.5
Plassering av Alsace i Frankrike.
Plassering av Alsace i Frankrike.
Plassering av Alsace i Frankrike.
Wikimedia Commons: Alsace

Alsace (tysk Elsass) er ein tidlegare fransk region som låg aust i Frankrike, med grenser til Sveits og Tyskland. Medan området var del av Det tysk-romerske riket vart det innlemma i Frankrike på 1600-talet. Som Lorraine har han skift hand mellom Frankrike og Tyskland fleire gonger. Tysk språk og kultur står framleis sterkt i regionen. Rhinen er grenseelv, og den største byen er Strasbourg. Regionen er delt i departementa Bas-Rhin og Haut-Rhin.

Med eit areal på 8 283 km² var regionen den minste i den europeiske delen av Frankrike, og låg mellom Rhinen i aust og fjella Vogesane i vest. I tillegg til Tyskland og Sveits grensa regionen til Franche-Comté i sør og Lorraine i vest.

Regionen hadde mykje skog, hovudsakleg i Vogesane og i Bas-Rhin. Det høgaste punktet i regionen var Ballon de Guebwiller i Haut-Rhin med ei høgd på 1 426 m. Alsace har eit delvis kontinentalklima med kalde og turre vintrar, og varme somrar. Regionen fekk lite nedbør sidan han låg i regnskuggen til Vogesane, og på grunn av den same fjellkjeda har byen Colmar eit solrikt mikroklima og er den nest turraste byen i Frankrike med ein årsnedbør på berre 550 mm. Dette gjer området ideelt for vinen som vert dyrka her.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Alsace