ORF annonserte 2. oktober 2012 at dei ville presentere uttakinga i eit nytt format.[1] Fem bidrag vart valt ut til å delta i finalen 15. februar 2013 i Wien. Alle som ville kunne sende inn bidrag fram til den fyrste veka i november 2012.[1] Namna på dei fem utvalde artistane vart presentert 11. desember 2012.[2] Bidraga vart presentert 14. januar 2013.[3] Vinnaren vart valt ut av ein 50/50-miks av telefonrøystar og ein internasjonal jury frå Sverige, Storbritannia, Irland, Serbia og Tyskland.[4]
I Eurovision Song Contest 2013 deltok Austerrike i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 og enda på 14. plass med 27 poeng; fire frå Kroatia, Danmark og Irland, tre frå Moldova og Belgia og to frå Kypros, Serbia og Italia og eitt frå Estland, Slovenia og Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget femteplass med ei rangering på 6,32 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 15. plass med ei rangering på 12,33. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[5] Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. På scena hadde Kelly med seg fem støttevokalistar: Karin Bauer, Regina Mallinger, Birgit Kubica, Harald Baumgartner og Monika Ballwein.[6]