Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Barrikade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barrikade under Pariskommunen i 1871.

Ein barrikade (av fransk barricade, av barrique, 'tynne') er ei hindring sett opp for å hindra trafikk, verna noko mot åtak utanfrå eller isolera eit område. Ordet vert i dag særleg assosiert med provisoriske festningar ved gateslagsmål mellom ordensmakt og sivile, og i uttrykk som at nokon «står på barrikadane», men òg om provisoriske barrierar til å styra trafikken med.

Barrikade i Rue Soufflot i Paris i 1848. Måleri av Horace Vernet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Barrikade