Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Basse-Normandie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Basse-Normandie
region
Symbol
Land  Frankrike
Departement  • Calvados
 • Manche
 • Orne
Hovudstad Caen
Areal 17 589 km²
Folketal 1 478 712 (2013)[1]
Kart
Basse-Normandie
49°N 1°W / 49°N 1°W / 49; -1
Plassering av Basse-Normandie i Frankrike.
Plassering av Basse-Normandie i Frankrike.
Plassering av Basse-Normandie i Frankrike.
Wikimedia Commons: Basse-Normandie

Basse-Normandie (Nedre Normandie) er ein tidlegare region nordvest i Frankrike. Regionen vart oppretta i 1956 då regionen Normandie vart delt inn i Basse-Normandie og Haute-Normandie. Regionen inneheldt dei tre departementa Calvados, Manche og Orne. Dei to regionane Basse-Normandie og Haute-Normandie blei frå 1. januar 2016 slått saman til regionen Normandie.[2][3]

Dei store slettene i den vestlege delen av regionen vert stort sett brukt til jordbruk.

Økonomien i regionen er sterkt basert på jordbruk med buskap og meieridrift, tekstilar og fruktdyrking som dei store industriane. Jernmalm vart vunne ut nær Caen. Turisme er òg ein stor industri. Regionen har direkte ferjesamband til England (via hamna i Cherbourg og Caen Ouistreham) og strendene i Calvados er staden der dei allierte gjekk i land under D-dagen i juni 1944. Basse-Normandie vart hardt råka under den andre verdskrigen og mange av landsbyane og byane i regionen vart totalt øydelagd under Operasjon Overlord.

Område i Basse-Normandie er mellom anna Cotentin-halvøya og La Hague, Pays d'Auge og Bessin.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]