Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Batumi

Koordinatar: 41°38′45″N 41°38′30″E / 41.64583°N 41.64167°E / 41.64583; 41.64167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Batumi
ბათუმი
Horisonten til Batumi
Horisonten til Batumi
Byvåpenet til Batumi
Styresmakter
Land Georgia
Geografi
Flatevidd 64,9 km²
Flatevidd
 - By

64,9 km²
Innbyggjarar
 - By (2014)
   - folketettleik

152 839
  2 355/km²
Koordinatar 41°38′45″N 41°38′30″E / 41.64583°N 41.64167°E / 41.64583; 41.64167
Høgd over havet 3 m
Tidssone MSD (UTC+4)
www.batumi.ge
Diverse anna
Heimeside: http://batumi.ge

Batumi (georgisk skrift ბათუმი, tidlegare kalla Batum eller Batoum) er ein kystby ved Svartehavet og hovudstad i Adsjaria, ein autonom republikk sørvest i Georgia. Han har om lag 152 839 innbyggjarar (2014).

Batum er med den store hamna si eit kommersielt senter og siste stopp på den transkaukasiske jernbanen og røyrleidningen Baku-Tbilisi-Ceyhan. Han ligg 20 km nord for den tyrkiske grensa og har eit subtropisk klima med mange sitrus- og teplantasjar. Av industri i byen finn ein oljeraffineri, skipsverft, næringsmiddelindustri og lett industri.

Batumi ligg på same stad som den tidlegare greske kolonien Batis. Dei første moderne kjeldene nemner at det vart bygd festningsverk i byen på 1000-talet. Området var då under georgisk kontroll fram til 1500-talet då det vart avstått til Det osmanske riket. I 1878 vart byen avstått til Russland etter San Stefanotraktaten.

Etter at tsaren fall rykte først tyrkiske styrkar inn i byen i april 1918, følgt av britiske styrkar i desember same år. Dei britiske styrkane okkuperte Batumi fram til juli 1920.

Batumi tidleg på 1900-talet.

Klimaet i Batumi er subtropisk, og det veks palmer, sitron- og appelsintre i byen.

Middeltemperaturen i Batumi er 14 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på 6 °C. Juli og august er den varmaste tida med ein middeltemperatur på 22 °C. Det kaldaste som er målt her er -7 °C, og det varmaste er 40 °C. Den normale årsnedbøren er om lag 2 500 mm, der januar er våtast og mai tørrast.

Vêrdata for Batumi lufthamn (normalar for 1981-2010)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 25,3 27,4 32,2 38,3 37,2 39,9 40,8 39,5 38,1 35,4 30,1 28,3 40,8
Gjennomsnittleg maks °C 6,6 7,6 12,3 18,6 22,8 27,7 31,1 30,9 26,1 19,4 12,4 7,6 18,6
Døgnmiddeltemperatur °C 5,4 6,8 8,7 12,4 16 20,2 22,6 23,2 20,1 16,5 12 6,8 14,2
Gjennomsnittleg min °C 4,3 4 5,5 9,1 12,9 17 19,9 20,3 17,1 13,5 9,2 6,1 11,6
Lågast målte °C −7,7 −8,2 −6,7 −2,5 3,4 8,1 12,9 12,6 7,5 2 −3,9 −4,2 −8,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 234,7 183,4 156,6 90,1 92,5 141 164,9 220,7 330,1 321,5 305,5 277,7 2 519
Gns. nedbørsdagar (≥ 1 mm) 14 12,7 12,6 9,6 9,6 9,9 10,1 11,5 11,1 12,4 12,2 13,1 138,8
Gns. solskinstimar i månaden 99 105 126 148 199 235 214 223 201 176 125 107 1 958
Kjelde 1: NCEI[1]
Kjelde 2: [2][3]
  1. «WMO Climate Normals for 1981-2010: Batumi Airport-37496» (XLS). National Centers for Environmental Information. Henta 17. mars 2024. 
  2. «The duration of sunshine in some cities of the former USSR» (på russisk). Meteoweb.ru. Arkivert frå originalen 19. mai 2019. Henta 27. september 2012. 
  3. «37496: Batumi (Georgia)». OGIMET. 14. januar 2021. Henta 14. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]