Benediktinarlikør
Benediktinarlikør eller Liqueur DOM Bénédictine er ein fransk, hovudsakleg sitruskrydra likør som vert produsert i Palais Bénédictine i byen Fécamp. D.O.M. står for «Deo - Optimo - Maximo» som tydar: «Til Gud, den største og den beste».
Likøren vert rekna å vera den eldste i verda som framleis er i produksjon. Han vart starta av Dom Bernardo Vincelli i 1510, men klosteret overlet produksjonen til eit privat firma stifta av Alexandre le Grand i 1863. Produksjonen vart då flytta.
Det går i alt 27 forskjellige plantedelar og urter inn i blandinga som etter ei tid og med riktig behandling vert tappa på flasker som har hatt same fasong i mange år. Nokre vert hatt over på Limousin-eikefat for å lagrast i tre år. Denne behandlinga er relativt ny.
Paleet ligg sentralt i Fécamp. Utanom å romma fabrikken, har paleet òg ei samling med lokal kunst og folkekunst, mellom anna gamle folkedrakter frå denne delen av Normandie. I tillegg har dei stilt ut ei stor samling med etterlikningar og forfalskingar av innhald og flasker.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Benediktinerlikør» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2009.