Best
Utsjånad
Best Stasjon AS er ei landsdekkande kjede med bensinstasjonar. Kjeda har over 70 stasjonar. Forhandlarane kan vere alt frå små lokale butikkar til store fullservice bensinstasjonar. Best blei etablert i 1999, og er i 2007 representert med forhandlarar frå alle oljeselskapa. Føretaket har hovudkontor i Oslo.
Konseptet
[endre | endre wikiteksten]Best er eit selskap av og for forhandlarar som eig eller driv ein bensinstasjon. I Best-kjeda er det slik at kjeda forhandlar innkjøp og andre typar tenester for forhandlarane.