Brunryggmaurfugl
Brunryggmaurfugl | |
Bilete frå Panama Foto: Dominic Sherony
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Brunryggmaurfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Hylophylax |
Art: | Brunryggmaurfugl H. naevioides |
Vitskapleg namn | |
Hylophylax naevioides |
Brunryggmaurfugl, Hylophylax naevioides, er ein liten fugl i maurfuglfamilien som finst i sørlege Sentral-Amerika og nordvestre Sør-Amerika.
Brunryggmaurfugl er ca. 11,5 cm lang, og er karakteristisk med sin kvite underside hos begge kjønn. Hannen har mørkt oskegrått hovud og strupe, brunraud overside med kvite skulderflekker, vengene er svarte med breie raudbrune vengeband. Han har svarte flekker på brystet. Hoa er bleikare i alle farger, elles mykje lik.
Dei lever i underskogen i fuktig skog også i skog i gjenvekst og beitar ofte aleine, men kan òg opptre i små flokkar som følgjer vandremaurar.
Brunryggmaurfugl finst i landa Honduras, Nicaragua, Costa Rica, Panama, Colombia og i Ecuador, på vestsida av Andes, vesentleg i Esmeraldasprovinsen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Hylophylax naevioides Arkivert 2014-08-21 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. august 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar, bilete og lydopptak av brunryggmaurfugl hos Internet Bird Collection