Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Dvergplaneten Makemake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
136472 Makemake
Makemake og månen hans
Oppdaging
Oppdaga avMichael E. Brown
Chad Trujillo
David Rabinowitz
Oppdagingsdato31. mars 2005
Baneskildring
Epoke 28. januar 1955 (JD 2435135,5)
Aphel7939,7 mill. km (53,0736 AE)
Perihel5760,7 mill. km (38,508 AE)
Eksentrisitet0,159
Banehelling28,963°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar1300 – 1900 km
Snittradius
750+200-100 km[1]
Volum~ 1,8×109 km³
Masse~ 4×1021 kg
~2 g/cm³
~ 0,8 km/s
Albedo0,8 ± 0,2

Makemake (småplanetnemning 136472 Makemake, symbol: 🝼),[2] tidlegare (136472) 2005 FY9, (tidlegare uoffisielt òg kalla easterbunny, engelsk for påskeharen) er den tredje største kjende dvergplaneten i solsystemet, berre slege av Pluto og Eris. Makemake er òg kvalifisert som ein plutoide, ei undergruppa av dvergplanetane som har ein stor halvakse (snittavstand) større enn Neptun.[3]

Makemake vart oppdaga 31. mars 2005 av eit lag leitt av Michael Brown og er namnsett etter skaparguden Makemake frå mytologien på Påskeøya.[3] Han har éin kjend måne (S/2015 (136472) 1) som vart oppdaga på bilete tekne av Hubble-teleskopet i april 2015.[4]

Fysiske eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Makemake er etter Pluto det visuelt lysaste kuiperbelte-objektet og har ein tilsynelatande storleiksklasse på nesten 17; lyst nok til at ein ved hjelp av eit kraftig amatørteleskop kan sjå det.

Spektumet til Makemake liknar på Pluto sitt i synleg og nærinfraraudt lys. Spektrumet er raudleg i den synlege delen, motsett til Eris som har eit grått og nøytralt spektrum. Det infraraude spektrumet er merkt av tilstadeveringa av metan (CH4) likt dei til Pluto og Eris. Tilstadeveringa av metan, meir synleg end den på Pluto, hintar til at òg Makemake har ein atmosfære nær perihel (punktet der Makemake er nærast sola) som frys til etter kvart som objektet flyttar seg lengre vekk ifrå sola.

  1. «Physical Properties of Kuiper Belt and Centaur Objects: Constraints from Spitzer Space Telescope». 2007.  Den ukjende parameteren |forfattart= vart ignorert (hjelp)
  2. JPL/NASA (22. april 2015). «What is a Dwarf Planet?». Jet Propulsion Laboratory. Henta 19. januar 2022. 
  3. 3,0 3,1 «News Release - IAU0806: Fourth dwarf planet named Makemake» - offisiell IAU-presemelding
  4. Hubble Discovers Moon Orbiting the Dwarf Planet Makemake - NASA