Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Filipe Nyusi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filipe Nyusi

Fødd9. februar 1959 (65 år)
Mueda District
Statsborgar avMosambik
Yrkeingeniør, gründer, politikar
InstitusjonarJernbane i Mosambik
Utdanna vedMilitærakademiet i Brno
Victoria University of Manchester
Nachingwea military camp
Samora Machel secundary school
EktefelleIsaura Nyusi
Alle verv
  • Mosambiks forsvarsminister (2008–2014)
  • Mosambiks president (2015–) Sjå dette på Wikidata

Filipe Jacinto Nyusi (fødd 9. februar 1959) er ein mosambikisk politikar for Frelimo. Han blei president for Mosambik den 15. januar 2015. Frå 2008 til 2014 var han forsvarsminister i landet.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Filipe Nyusi blei fødd i Mueda-distriktet i den nordlegaste provinsen i Mosambik Cabo-Delgado i 1959. Foreldra var involvert i frigjeringskrigen til Frelimo mot Portugal, og han fekk difor skulegang på ein av skulane til Frelimo på basar i Tanzania.[1]

Nyusi hevdar at han frå 14-årsalderen – før sjølvstende og enda under frigjeringskrigen – fekk militær trening av Frelimo, men det er ikkje kjent at han tok del i krigshandlingar. Etter sjølvstende tok han vidaregåande utdanning i Beira, og på 1980-talet studerte han ingeniørfag i Tsjekkoslovakia. Han yrkte dinest i det statlege jarnbaneselskapet CFM, og blei direktør for CFM Nord i 1995.[1]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]
Nyusi under valkampanjen i 2014.
Foto: Adrien Barbier

I 2008 blei Nyusi utnemnt til forsvarsminister, og kom dinest til makta i Frelimo og Mosambik etter ein hard intern dragkamp i partiet. I 2012 blei han medlem i den viktige sentralkomitén til partiet. Det kom til to kampvoteringar og i andre valomgang vann Nyusi med 68 % av stemmene over tidlegare finansminister Luísa Diogo.[1]

Presidentperioden til Nyusi har vore prega av særleg to saker. Då han tok over som president hadde krigshandlingane mellom styresmaktene og Renamo blussa opp att, men med dels lågare intensitet enn på 1980-talet. Til skilnad frå forgjengarane si «harde» linje mot Renamo, er det sagt at Nyusi har søkt dialog og forhandlingar med leiaren til Renamo, Afonso Dhlakama, for å få stans på krigshandlingane.[1]

I tillegg har presidentperioden vore prega av avsløringane av fleire løynlege lån som blei teke opp i utanlandske bankar av mosambikiske statsåtte verksemder knytt til forsvaret og tryggingstenestene. Låna kom opp i totalt to milliardar amerikanske dollar og auka statsgjelda med minst 20 %, utan at nasjonalforsamlinga eller utanlandske gjevarland blei informert. Det er heller ikkje klart kva låna blei nøytt til. Sakene med «dei løynlege låna» førte til ein av dei djupaste politiske og økonomiske krisene i Mosambik i fredstid.[1]

Nyusi er gift med Isaura Nyusi, har fire born, og er knytt til den etniske gruppa Makonde, typisk for Mueda-området der han blei fødd.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Orre, Aslak: Filipe Nyusi i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. juni 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Filipe Nyusi