Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Finsk hest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finsk hest trekkjer bil, ein del av bruksprøva for hingstar av trekkhesttype frå 1936 til 1970.

Finsk hest er ein kaldblodshest med opphav i Finland.

Finsk hest er ein mellomstor, sterkbygd hest. Raud er den vanlegaste fargen, ofte med lysare man og hale. Rasen er allsidig, og vert delt inn i fire typar etter storleik og bruksområde; trekkhesttype, ridetype, travtype og ponnitype. Bruksprøver vert systematisk nytta i avlsarbeidet. I Finland vert mellomstore, mellomtunge hestar som finsk hest og fjording kalla universalhest.

Stamboka til den finske hesten går tilbake til 1907. På 50-talet var det så mange som 400.000 finske hestar, men etter mekaniseringa av jordbruket sokk talet til 14.100 i 1987. Talet på hestar tok seg opp att på grunn av at bruken som ridehest og travhest auka.

Førekomst

[endre | endre wikiteksten]

Finsk hest finst over store delar av verda.

Opphavleg vart rasen brukt i jordbruk og skogbruk, men i dag er det mest vanleg å bruke han til rekreasjonsriding og travsport.