Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Inuittisk kunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angakkuq, skulptur av Pallaya Qiatsuq frå Kinngait i Nunavut i Canada.

Inuittisk kunst er kunstverk skapt av inuittar frå førhistorisk tid til i dag.

Før-dorset og dorsetkulturen

[endre | endre wikiteksten]
Symjande isbjørn skoren ut i kvalrosstann frå mellomdorsetkulturen, frå Iglulik-regionen i Canada.

Kring 4000 vandra nomadar frå Sibir over Beringsundet til Nord-Amerika og område i Alaska, Nord-Canada, Labrador og Grønland.[1] Desse menneske laga omhyggeleg utforma spydspissar i stein. Berre nokre få utskorne gjenstandar i elfenbein som er att etter dei kan reknast som kunst.

Kring 1000–500. f.Kr. oppstod dorsetkulturen i austre Canada. Han var den første som byrja produsera figurativ kunst i noko større omfang; objekt i bein, elfenbein og tre som førestilte andlet, masker, menneskefigurar, fuglar, bjørnar og andre dyr. På overflata til slike dyr var det gjerne skorne linjer som viste skjelettet deira; bjørnar i denne stilen er kjend som «flygande bjørnar».[2] Ein går ut frå at desse gjenstandane, som sjeldan er større enn at dei har plass i ei handflate, hadde magisk tyding og blei nytta som amulettar.

Thulekulturen

[endre | endre wikiteksten]

Thulekulturen utvikla seg frå nordre Alaska til Grønland kring 1000–1200 e.Kr., og dagens inuittar stammar frå denne kulturen. Thulekulturen var samtidig med vikingane som slo seg ned i Nord-Amerika, og kom òg i konflikt med dei. Thulefolket levde av kvalfangst, og bygde bustader av stein og kvalbein.

Til skilnad frå dei religiøse objekta frå dorsetkulturen er gjenstandane etter thulefolket vanlegvis nyttereiskapar som harpunar, forseggjorte spyd, kammar, knappar, kokekar og nålhaldarar. Dessutan laga dei snøbriller med vakre mønster og dessutan underlege, «symjande» figurar av menneske, fuglar og andre dyr.

Historisk tid

[endre | endre wikiteksten]
Inupiatkorg frå Alaska voven av kvalbardar med dekorasjon av kvalrosstann som viser ein isbjørn, frå tidleg 1900-tal.

Klimaendringar som medførte kaldare klima og færre kvalar gjorde at thulekulturen gradvis forsvann i perioden 1400–1500, og den europeiske innvandringa førte til at han var heilt forsvunnen på 1700-talet. På 1800-talet fann det stad ei utvikling som medførte at inuittane stadig meir laga gjenstandar meint for europeiske kjøparar. I staden for gjenstandar meint for inuitisik dagleg bruk blei det laga fleire kristne figurar, sigarettetui og liknande. Det inuittiske tilværet gjekk gjennom endå ei omfattande forandring med gullrushet kring 1896.

Etter andre verdskrigen gjekk mange inuittsamfunn vekk frå nomadelivet og blei bufaste med ein meir moderne levemåte. Kontakten med omverda auka påtakeleg. I Canada førte statleg støtte til at inuittisk skulptur kom til å gå gjennom ei rask utvikling som i etterkrigstida har fått større internasjonal merksemd.

Kjende inuittkunstnarar

[endre | endre wikiteksten]


  1. St Onge, Colette. Symbols of Authenticity: Challenging the Static Imposition of Minority Identities through the Case Study of Contemporary Inuit Art. Arkivert frå originalen 25. desember 2019. Henta 25. februar 2015. 
  2. Hessel & Hessel 1998: 12–13

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Inuittisk kunst