Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Kasjutre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kasjutre
Kasjutre
Kasjutre
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Anacardiaceae
Slekt: Anacardium
Art: Kasjutre A. occidentale
Vitskapleg namn
Anacardium occidentale

Kasjutre (engelsk cashew, vitskapleg namn Anacardium occidentale eller Anacardium curatellifolium) er eit 10–12 meter høgt tropisk treslag med etande, ovale eller pæreforma «falske» frukter (hjelpefrukter) som blir kalla kasju-epler. Kasju-eple har mykt og skjørt skal og eignar seg derfor ikkje som transportprodukt.

Kasju er mest kjent i Noreg på grunn av dei etande ca. 2,5 cm lange, nyreforma, frøa som blir kalla kasjunøtter eller cashew-nøtter. Kvart kasjueple har berre éi kasjunøtt som ikkje ligg inne i fruktkjøttet, men finst i den mørke utveksten på undersida av hjelpefrukta. «Nøttene» blir brukte både som snacks og som ingrediens i matretter, anten heile eller oppmolne.

Kasjutreet kjem opphavleg frå Brasil, men i tida 1560–1565 blei treet frakta av portugisarane til den dåverande kolonien deira i Goa i India for dyrking. I dag blir det dyrka kasju i store delar av India, Asia og fleire land i Afrika.

I delstaten Rio Grande do Norte i den nordaustre delen av Brasil står det største kasjutreet i verda.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]