Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Keltarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei gamle keltarane sette opp steinar som del av religionen sin. Desse er frå Poulnabrone i Irland.
I perioden år 500 til 200 fvt. rådde keltarane langt sør og aust i Europa. Denne steinfiguren ligg i Provence søraust i Frankrike.

Keltarane var ei rekkje nærskylde gamle folkegrupper i Europa som deler ei grein av dei indo-europeiske språka og såleis syner sams opphav. Keltarane fanst i eldre tider over store delar av Europa, men i dag berre i dei vestlegaste utkantane av kontinentet.

I dag blir ordet keltisk ofte bruka for å beskrive folk og respektive kulturar og språk til fleire etniske grupper i Irland og Storbritannia, den franske regionen Bretagne og den spanske regionen Galicia (det same ordet som namnet Gallia for det keltiske Frankrike, og «gælisk» for greiner av keltiske språk). Til «Dei sju keltiske nasjonane» som finst i dag er vanlegvis rekna Irland, Wales, Skottland, Cornwall, Isle of Man, Bretagne og Galicia.

Når det gjeld keltarane i Storbritannia er det usemje mellom forskarane om keltarane i hovudsak vart anten drepne eller fordrivne da angelsaksarane kom til England, eller om det berre var språket og kulturen deira som vart borte frå det angelsaksiske området. Det skal visstnok liggje føre DNA-undersøkingar som byggjer opp under ideen om at England utvikla seg gjennom at ein ny angelsaksisk kultur vart påtvinga det keltiske folket av ein ny sosial elite.

Desse undersøkingane skal visstnok vise meir gammalbritisk, altså keltisk, innverknad i England enn i Skottland, som har meir skandinavisk innverknad (det må da vere frå norrøn busetjing i vikingtida).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Keltarar