Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Koralløy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den aude koralløya Clipperton.
Tverrsnitt av koralløya Mangaia.
Flyfoto av Navassa i Karibiahavet. Klippeformasjonar danna ved fasar av landheving er tydelege.

Koralløy er ei øy som er danna av korallrev, og kan vera av typen atoll, cay eller heva lagune. Typisk blir korallreva danna omkring vulkanar i tropiske hav. Når vulkanen blir inaktiv og søkk, eller blir sliten ned av erosjon, held korallane fram med å veksa i dei øvste vasslaga som ein tidsvassring av korallrev rundt den tidlegare vulkanen. Etter kvart dannar dei ein fullstendig eller delvis ring, ein atoll, rundt eit grunt havområde, ein lagune. Dersom det er eit ikkje-vulkansk korallrev som hevar seg på éin stad, blir danna ein cay - som mange stader i Florida Keys.

Korallar og polyppar kan veksa fleire hundre meter i høgda. Dersom sand og materiale frå døde atollar får byggja seg opp over tid, kan det bidra til at sandlaget når over havoverflata og det blir danna ei ny øy. Dersom palmar eller andre vekstar slår rot i sanden vil det over tid koma til rotsystem og jord som held på sanden og bidreg til å stabilisera den nye øya. Om øya får veksa i høgda på grunn av sandflukt, jordvekst eller landheving, kan lagunen tørrleggjast.

Hevinga kan også vera eit resultat av endring i jordskorpa kombinert med endringar i havnivået, eller ved fornya vulkansk aktivitet. Døme på eit samanhengande atoll med ein lagune som er heilt overfløymd i form av ein meir eller mindre tydeleg depresjon i ei øy der kysten består av restar frå det gamle korallrevet, er Nauru og Niue. Døme på ein atoll der lagunen er overfløymd av tidvatnet, men tørt deler av tida, er Aldabraøya og Europaøya.

Bora Bora er eit døme på ei vulkansk fjelløy som er omgjeven av korallrev. Mellom vulkanen og korallsteinen kan det vera ein depresjon med eit sumpområde. Denne typen øy blir kalla «makatea», eit ord av polynesisk opphav. Nokre døme er Makatea, Mangaia og Rimatara.