Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Middleton Railway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Main station building, Moor Road.

Middleton Railway er den eldste offentlege jarnbana i verda i kontinuerleg drift,[1] og ligg i den engelske byen Leeds. Banen vart grunnlagd i 1758 som ein bane for transport av kolvogner med hestar. I 1812 vart lokomotivet Salamanca det første kommersielle damplokomotiv som fungerte vellukka. Dette lokomotivet hadde tannhjul som dreiv toga fram på tannstenger som gjekk langs skinnar. Seinare vart banen ombygd til konvensjonell adhesjonsbane.

Middleton Railway er i dag ei museumsjarnbane, og har vore i drift sidan 1960. Han vert driven av frivillige organisert gjennom Middleton Railway Trust Ltd. Toga går på den rundt 1,6 km lange strekninga mellom Moor Road i Hunslet og Park Stansa i utkanten av Middleton Park.

Anlegg av banen for koltransport

[endre | endre wikiteksten]
The Collier, ‘kolgruvearbeidaren’, akvatint etter eit måleri av George Walker i boka The Costume of Yorkshire, gravert av Robert Havell i 1814. Bildet viser eit damplokomotiv (Salamanca) på Middleton Railway.

Det har vore drive utvinning av kol i Middleton sidan 1200-talet, frå Bell pit, gin pits og seinare daggruver eller horisontale stollar. Anne Leigh som var arvingen til Middleton Estates, gifta seg med Ralph Brandling frå Felling i nærleiken av Gateshead ved River Tyna. Dei budde i Gosforth og overlét drifta av Middleton gruvene til agentar. Charles Brandling var etterfølgjaren deira. Richard Humble frå Tyneside var agenten hans frå 1754. Brandling konkurrerte med Fentons i Rothwell som transporterte kol til Leeds via elva, noko som gav ein konkurransefordel i tilhøve til gruvene i Middleton. Humble fann ei løysing ved å byggja ein gruvebane, noko som forresten var vanleg der han kom frå i Nord-England. Den første gruvebanen vart bygd i 1755, og kryssa Brandling før han gjekk ut til kaiene ved elvebreidda langs Thwaite Gate.[2]

I 1757 foreslo han å byggja ein gruvebane mot Leeds. For å sikra at han skulle verta varig prøvde Brandling å få han ratifisert gjennom ein parlamentslov (Act of Parliament, 31 Geo.2, c.xxii, 9. juni 1758). Dette var den første parlamentsloven for bygging av ei jarnbane.[3]

Billeg kol frå Middleton gjorde at Leeds gradvis utvikla seg til å verta eit sentrum for utvikling av næringar som trong kol som varmekjelde. Dette førte til produksjon og tilverking av blant anna keramikk, murstein, glas, metall og brygging, eller kol vart brukt som energikjelde til fabrikkar.

Innføring av damplokomotiv

[endre | endre wikiteksten]
Damplokomotivet Salamanca

I på byrjinga av 1800-talet var det vanskelege tider for koltransporten på banen. På grunn av Napoleonskrigane vart hæren ein stor oppkjøpar av arbeidshestar og fôr, noko som gav prisstiging på dette, og tilsvarande auka transportkostnader for Middleton Colliery. Verksemda vart nøydd til å vurdera andre transportmetodar og ein fekk ideen om dampdrivne tog.

I 1812 vart Middleton Railway den første kommersielle jarnbana som lukkast med damplokomotiv. Ingeniøren John Blenkinsop meinte at eit damplokomotiv som var lett nok til ikkje å brekka skinna av støypejern ikkje ville ha tilstrekkeleg adhesjon. Følgjeleg endra han sporet og anbrakte tannstong på den eine sida. Dette patenterte han i 1811 (den første tannstongbana), dermed nærma han seg ingeniøren Matthew Murray Fenton, Murray and Wood, i Holbeck, i å utforma eit lokomotiv med pinjong tilpassa banen. Designet til Murray bygde på Richard Trevithick sitt Catch Me Who Can, men var tilpassa tannstongsystemet til Blenkinsop. Lokomotivet var truleg kalla «Salamanca». Dette lokomotivet frå 1812 var det første med to sylindrar. Stempla som gjekk opp og ned i kvar sin sylinder var knytte til ein veivaksling i rett vinkel, slik at maskina skulle kunna starta uansett kvar han stansa.[4]

I 1812 var «Salamanca» det første kommersielle damplokomotivet som fungerte vellukka. Tre andre lokomotiv hadde vorte bygde før dette og vart tekne i bruk ved kolgruvene i Middleton, og jarnbana vart betent av lokomotiv i meir enn tjue år. Ei rekkje andre nyvinningar kan påkallast å koma frå denne jarnbanedrifta. Som den første banen som brukte damplokomotiv for godstog var han òg den første linja som tilsette ein lokomotivførar. Den første profesjonelle lokomotivføraren i verda var den tidlegare gruvearbeidaren James Hewitt. Han hadde fått opplæring av Fenton, Murray & Wood sin forsøksførar.[5] Den første som vart drepen i ei jarnbaneulukke var høgst sannsynleg den 13 år gamle guten John Bruce. Han vart køyrd i hel då han sprang langs spora i februar 1813. Avisa Leeds Mercury rapporterte at dette ville «fungera som ei åtvaring til andre».[6]

David Joy (1825–1903) var liten gut då han såg toget, men vart ikkje så imponert. Han gav denne skildringa av toget: «Vi budde i Hunslet Lane, London Road, der den gamle kolbanen frå Middleton Pits i Leeds køyrde bak huset vårt litt unna, og vi vann til å sjå damp frå lokomotivet stiga over trea. Eg hugsar eg gjekk med passaren min, som heldt handa (eg måtte strekkja handa opp til ho, sidan eg var så liten) medan vi stod og såg på lokomotivet med sitt tog av kolvogner som passerte. Vi vart fortalt at det ville koma opp som eit lyn, men det kom berre ruslande som ei lita kjerre.» Då han vart voksen vart han jarnbaneingeniør.[7]

Kjeleeksplosjonar og tilbakegang til hestar

[endre | endre wikiteksten]

Dampkjelen til Salamanca eksploderte den 28. februar 1818 og drepa lokomotivføraren. Som eit resultat av krafta i eksplosjonen vart «han dregen, med stor kraft, til eit nærliggande område i ein avstand på hundre yard».[8] Dette skjedde som eit resultatet av at føraren hadde tukla med tryggleiksventilen. Ein annan kjeleeksplosjon skjedde den 12. februar 1834 og igjen vart lokomotivføraren drepen. Denne gongen var den mest sannsynlege årsaka ein svært sliten kjele som ikkje var fagmessig reparert etter at Blenkinsop var død. Lokomotivføraren som vart drepen ved dette høvet var Hewitt. Banedrift med damplokomotiv vart forlaten, og igjen tok hestetransporten over.

Attende til damplokomotiv

[endre | endre wikiteksten]

Damp vart gjeninnført i 1866 med lokomotiv frå det lokale firmaet Manning Wardle. I 1881 vart jarnbana omgjort til 4 ft 8 1/2 i (1,435 mm) sporvidde slik at ho kunne koplast til Midland Railway. Andre tilknytingar var til Great Northern Railway i 1899 og sidespor betente transportbehovet til Robinson & Birdsells sin skraphandel og Clayton, Sons & Co si ingeniørverksemd.[9]

Middleton Estate & Colliery Co. vart ein del av National Coal Board i 1947. Ein viss rasjonalisering fann stad. Gjennomgangen ved bysenteret ved Kidacre Street vart stengd, og til slutt vart koltransporten konsentrert om strekninga frå GNR-sambandet til Broom Pit. Museumsfolk, spesielt frå Leeds University, fekk lov til ha si verksemd i ein forlaten del av linja, mellom Moor Road og GNR-sambandet. Eigarane av banen då var Messrs. Clayton, Son & Co. Då Broom Pit vart stengt i 1968 stifta museumsfolka Middleton Railway Trust for å driva museumsjarnbane. Dei retta opp igjen Broom Pit og opprettheldt kontinuerleg drift av banen.[10]

Omlegging til museumsdrift

[endre | endre wikiteksten]
The engine shed museum

I juni 1960 vart Middleton Railway den første jarnbana med standard sporvidde som vart overteke og drifta av frivillige utan betaling. Passasjertilbodet vart opphavleg gjeve i berre ei veke og var ein toetasjes vogn frå Swansea and Mumbles Railway (den største i Storbritannia med plass til 106 passasjerar). Denne vart trekt av eit diesellokomotiv frå 1931 frå Hunslet Engine Company like i nærleiken. Men frivillige frå Middleton Railway opererte deretter ei fraktteneste frå september 1960 til 1983.

Regulær passasjerdrift byrja 1969.

Middleton Steam Railway har eit representativt utval av lokomotiv som er bygd i Jack Lane, Hunslet-området av dei kjende maskinfabrikantane i Leeds som John Fowler & Co., Hudswell Clarke, Hunslet Engine Company, Kitson & Co. og Manning Wardle. Eit av lokomotiva er «Sir Berkeley», som vart kjent i TV-versjonen av The Railway Children i 1968. Lokomotivet er ått av Vintage Carriages Trust of Ingrow frå nærleiken av Keighley.

Banen og stasjonenen

[endre | endre wikiteksten]
Middleton Railway
0,59 km Hallam & Pontefract Line si
0,46 km Beza Road
Balm Road Branch
0,27 km Tulip Street
0.04 km Moor Road
former line towards city (removed)
0,00 km Museum & shed | Moor Road
0,16 km Motor- og vognoppbevaring
0,25 km M621 motorveg
0,39 km Dartmouth Branch
0.89 km John Charles Approach
0,95 km footbridge
Mellom John Charles Centre
og South Leeds High School
1,51 km Park Halt
1,54 km Enden til banen
Proposed extension into Middleton Park

Sjølv om banen med trafikk startar ved Moor Road, byrjar linja ved Balm Road Branch som går forbi Middleton Railway med Leeds-Sheffield-linja til Hallam & Pontefract Lines. Tilkoplinga til hovudnettverket har likevel vorte lukka, slik at dette ikkje har vorte brukt sidan 1990. Denne delen av sporet kryssar Beza Road, Tulip Street og Moor Road. Denne delen av banen er for tida berre brukt ved spesielle høve sidan linja og sporvekslane treng oppgradering om dei skal vera i regulær bruk.

Nokre få meter frå Moor Road planovergang ligg Moor Road som er den viktigaste stasjonen til linja. Her ligg maskinhusmuseet og verkstader saman med ei enkelt plattform for tog. Staden var ein gong ein overgang mellom linja til Midland Railway via Balm Road Branch og linja til Kidacre Street kolgruve nær sentrum av byen.[11]

Frå avgangen ved Moor Road railway station er eit utval av lokomotiv og rullande materiell lagra før tunnelen. Tunnelen er den einaste som ligg på ruta og sørgjer for at jarnbana passera under motorveg M621. Han er rundt 263 fot (80 m) lang. Like etter er det ei kryss med Dartmouth Branch, ein liten del av linja som ein gong gav ulike lokale industriføretak tilgjenge til hovudlinja. Dette vert av og til brukt under spesielle arrangement og har dei siste åra vorte brukt til opplæring av jernbanebeidarar. Denne sidegrensa ligg nær det tidlegare sambandet til Great Northern line.

Fotogalleri

[endre | endre wikiteksten]
  1. Winn, Christopher (2010). I never knew that about Yorkshire. London: Ebury. s. 127. ISBN 978-0-09-193313-5. 
  2. History of the Middleton Railway Leeds Eighth Edition (2004), s. 6.
  3. «The History Of Middleton Railway – Still Going Full Steam Ahead». 1. juli 2015. 
  4. «NOTES AND EXTRACTS ON THE HISTORY OF THE LONDON & BIRMINGHAM RAILWAY. CHAPTER 2 DEVELOPMENT OF THE STEAM LOCOMOTIVE». 1. juli 2015. 
  5. A History of the Middleton Railway, Eighth Edition, Middleton Railway Trust Publication, ISBN 0-9516205-5-X
  6. Hamilton Ellis (1968). The Pictorial Encyclopedia of Railways. The Hamlyn Publishing Group. s. 20. 
  7. «Diaries of the Late David Joy; edited G.A. Sekon.. Railway Magazine 1908 Volumes 22 & 23». Steamindex. 2. januar 2008. Henta 18 september 2018. 
  8. Leeds Mercury, 7. mars 1818
  9. «A Brief History of Clayton, Son & Co Ltd». Leedsengine.info. Henta 20. september 2018. 
  10. From Rag to Railway, Middleton Railway Trust, ISBN 978-0-9558264-5-0
  11. Old Ordnance Survey Maps, Hunslet 1905 Godfrey Edition, ISBN 978-0-85054-710-8

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]