Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Ringkollstua

Koordinatar: 60°09′59.4″N 10°23′17.1″E / 60.166500°N 10.388083°E / 60.166500; 10.388083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°09′59.4″N 10°23′17.1″E / 60.166500°N 10.388083°E / 60.166500; 10.388083

Ringkollstua

Kart
Ringkollstua
60°09′59″N 10°23′17″E / 60.1665°N 10.38808333°E / 60.1665; 10.38808333

Ringkollstua er ei turisthytte og ein serveringsstad på Ringkollen i Nordmarka, i Ringerike kommune. Dagens hytte vart bygd i 1993 og ligg 600 moh. og står på Statens grunn.

Gamle Ringkollstua

[endre | endre wikiteksten]

Gamle Ringkollstua vart bygd i 1895, og stod der Ringkollen kapell står i dag. Bygginga var ei følgje av etableringa av Hønefoss og Omegn Turistforening i 1893. Foreininga kjøpte tomta i 1894, på det som heitte «Germundboseter» og året etter vart den første hytta sett opp. Det offisielle namnet var «Ringkollen Turisthotell», men ho gjekk under namnet «Turisten». Bygninga vart bygd ut i fleire omgangar, og vart etter kvart både ein overnattingsstad og kafé. I 1949 kjøpte Skiforeninga Ringkollstua.[1]

Brann og gjenoppbygging

[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1970 brann Ringkollstua ned til grunnen. Først i 1976 vart branntomta rydda, og det vart etter kvart bestemt å byggje eit kapell på branntomta. Ringkollen kapell vart bygd i 1982, men den nye Ringkollstua vart ikkje bygd før i 1993, der ho står i dag.

Dagens situasjon

[endre | endre wikiteksten]

Ringkollstua er eigd av Ringkollstua AS. Dei hadde òg ansvaret for drifta. Våren [[20]varsla styret i driftsselskapet at dei måtte leggje ned drifta, fordi det ikkje var råd å drive lønsamt.[2] Dei stengde difor 1. juni 2007.

For å kunne drive lønsamt ønskte styret å byggje ut med inntil sju nye hytter, for å kunne handtere overnattingsgjester, og dimed andre typar arrangement.[3] Dagens reguleringsplan tillèt ikkje slik utbygging. Ringerike kommune sende ut eit framlegg til ny reguleringsplan for Ringkollen til høyring 2. mai 2007, eit framlegg både Buskerud Fylkeskommune og Miljøverndepartementet har kome med innseiingar på.[4] Kommunestyret vedtok til trass for innseiingane 21. juni 2007 ein ny reguleringsplan for Ringkollen, der dei opnar for utbygging av Ringkollstua. Dette vedtaket har Fylkeskommunen levert innseiing på til Miljøverndepartementet, noko dei fekk støtte for i februar 2008.[5]

Ringkollstua var stengd i heile 2008. Det vert søkt andre løysingar, m.a. i samarbeid med Miljøverndepartementet, for å tryggje drifta vidare.[6] Miljøvernminister Erik Solheim stadfesta 15. februar òg at Miljøverndepartementet ønskte at Ringkollstua skulle oppretthaldast som eit tilbod for ålmenta.[7]

I 2009 vart det lagt fram nye planar for utbygging der ein vil byggje eit tilbygg med 40 sengeplassar.[8] Frå 2009 til 2012 dreiv Grand hotel på Hønfoss Ringkollstua, men våren 2012 sa verksemda opp driftsavtala.[9] Nye drivarar tok over i 2012.[10] I 2012 opna Miljøverndepartementet for overnatting på Ringkollstua.[11]

  1. Per Ole Rønning. «Ringkollstua eller "Turisten" som bygdefolk kalte Ringkollstua». Øyangen vel. Henta 25. februar 2008. 
  2. Elin Harstad Iversen (21. mars 2007). «Må stenge Ringkollstua». Ringerikes Blad. Henta 26. februar 2008. 
  3. Espen Ødegård Iversen (18.11.2006). «Ringkollstua kan bli stengt». Ringerikes Blad. Henta 26.02.2008. 
  4. «Ringkollstua kan bli stengt». Ringerike kommune. 18. november 2006. Henta 26. februar 2008. 
  5. Erik Solheim (07.02.2008). «Ringerike kommune - innsigelse til reguleringsplan for Ringkollen». Regjeringen.no. Henta 26. februar 2008. 
  6. Anne Gro Christensen (15.02.2008). «Håp for Ringkollstua». Ringerikes Blad. Henta 26. februar 2008. 
  7. Erik Solheim (15. februar 2008). «Svar på spørsmål nr. 628 om Ringkollstua». Regjeringen.no. Henta 26. februar 2008. 
  8. http://www.ringblad.no/nyheter/article4436470.ece Ringerike blad
  9. http://www.ringblad.no/nyheter/article4630956.ece Ringerike blad
  10. http://www.ringblad.no/nyheter/article6125972.ece
  11. http://www.ringblad.no/nyheter/article5927408.ece Ringerike blad

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]