Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Sakhalin oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sakhalin oblast
Сахалинская область
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Fjerne Austen
Del av Den fjernøstlige føderasjonskrets
Hovudstad Juzjno-Sakhalinsk
Areal 87 101 km²
Folketal 485 621 (1. januar 2021)
Språk russisk
Tidssone UTC +10/11
Bilnummer 65
Kart
Sakhalin oblast
50°33′N 142°36′E / 50.55°N 142.6°E / 50.55; 142.6
Wikimedia Commons: Sakhalin Oblast

Sakhalin oblast[a] er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Juzjno-Sakhalinsk, arealet er 87 100 km² og innbyggjartalet er 485 621 (2021). Provinsen består av øya Sakhalin og øygruppa Kurilane i Stillehavet. Dei sørlegaste øyane i Kurilane vert òg kravde av Japan.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Berre 20 % av folket bur utanfor byar. Den einaste store byen er Juzjno-Sakhalinsk med 181 700 ibuarar i 2010. Dei andre byane har under 40 000 ibuarar. Fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske fordelinga:[1]

Det største av urfolka, nivkhane, utgjorde 2290 menneske, 0,5 % av folketalet i provinsen.

  1. russisk Сахалинская область Sakhalinskaja oblast
  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sakhalin oblast
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.