Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Sildefiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Fra Sildfiske», truleg frå 1920/30-talet.

Sildefiske er fiske etter sild (Clupea harengus), ein art som lever pelagisk i stimar i dei nordlege delane av Atlanterhavet og Stillehavet. På grunn av rike førekomstar med sesongvise innsig av enorme stimar nær kysten visse stader, har det vore forholdsvis lett å fanga store mengder der. Det har også blitt drive havfiske. Sildefisket har hatt mykje å seia for økonomi og mattilgang i ulike land i fleire hundreår.

Sildefisket, særleg basert på norsk vårgytande sild (storsild, vårsild, feitsild og småsild), har i lange periodar vore det viktigaste norske fisket.[1] Vintersildfisket etter vårgytande sild går hovudsakleg føre seg langs Møre- og Nordlandskysten frå januar til mars med ringnot, trål og garn[1] på 20–500 meters djup. Bestanden av fisk har variert sterkt med rike og fattige tidsperiodar over mange tiår. Overfiske førte til kvoteregulert fangst frå midten av 1960-åra. I 1970 var praktisk talt heile gytebestanden borte, men tok seg seinare opp igjen.

Sild har stor næringsverdi og blir mellom anna konservert frosen eller salta. Norsk sild blir eksportert fyrst og fremst til Europa og Japan.

Norsk sildefiske[endre | endre wikiteksten]

Silda kommer, måleri av Christian Krohg (1852–1925) i Norsk Maritimt Museum.
Kystsnurparen «Trondskjær» dreg sild på Vestfjorden i 2012.

Fiskesesongar[endre | endre wikiteksten]

Sildefisket i Noreg omfattar ulike sesongar og ulike storleikar og kvalitetar på fisken, til dømes sommarsild, bladsild, feitsild (frå oppvekstområda i Barentshavet), vintersild, vårsild (sild som har gytt), forfangstsild, storsild og mussa (årsyngel).[2]

Vintersildfisket er sesongfiske etter storsild som kjem inn til vestlandskysten for å gyta om vinteren. Sildefisket, som torskefiske, kunne derfor kombinerast med jordbruk som eit tilskot når det gjaldt pengar og mat.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

To store norske eksportvarer har vore tømmer frå Austlandet og fiskeprodukt frå Vestlandet og Nord-Noreg. Trelasteksporten er berre nokre hundreår gammal, medan storfiske for eksport er mykje eldre, sjølv om sildefiske for eksport fyrst kom skikkeleg i gang på 1500-talet. Silda, «havets sølv», er uberekneleg og medfører mykje sjanseseglas. I mellomalderen var det i lange tider rikt sildefiske i Øresund, men før 1500 dukka det også opp stimar i Nordsjøen til glede for nordmenn, britar og nederlendarar. Sild saman med graut og flatbrød var hjørnesteinen i kosthaldet mange stader, men den beste fisken gjekk ut av landet. Fortenesta var likevel ikkje stor for fiskarane, som måtte selja til byborgarane fordi desse hadde kontaktane som trongst for å få vara omsett, og hadde importert saltet som var nødvendig for konservering av silda. Lovane var strenge kring sildefisket: Alle fiskarane måtte gå i kyrkje kvar sundag og komma edru. Einkvan som banna når dei trekte sildegarn, skulle straffast med halsjern.[3]

Silda har kome og blitt borte med ujamne mellomrom. Det var store årlege variasjonar i mengder. Det rike danske sildefisket ved Skåne tok slutt då silda flytta til Båhuslen i åra 1556-89, der det ifølgje tollistene frå Marstrand blei eksportert 72 000 tønner sild berre i 1582. I åra 1540-70 var det også godt med sild utanfor Vestlandet, frå Karmøy i sør og til Trondheimsfjorden. Busetnaden Bjugn voks fram på bakgrunn av dette sildefisket, som var meir kapitalkrevjande enn torskefisket, sidan det gjekk med ei tønne salt for å salta tre tønner sild.[4]

Sildefisket er kjent allereie frå norrøn tid.[2] Sild var ei eksportvare på 1200-talet til England[5] og Tyskland.[6] Samtidig ser ein også at sild var importvare til Danmark og Noreg frå Slesvig kring 1275.[7]

I eit paveleg brev skrive ein gong mellom 1161 og 1172 fekk folk i Noreg lov til å fiska sild når han gjekk under land, også på søndagar og heilagdagar, bortsett frå dei aller største høgtidsdagane.[8] I Stavanger dominerer torsk, lange og sei i arkeologiske utgravingar, så tilsiget av sild der var neppe så stort på denne tida.[9]

Silda kom i store mengder på 1500-talet, fyrst og fremst rundt Marstrand i Båhuslen. Frå om lag 1550 kom det også store mengder inn til kysten mellom Stavanger og Bergen, særleg i Karmsundet. Fisket på Vestlandet minka kraftig etter 1560.[10] Sildefisket i Båhuslen blei skattlagt på 1500-talet, men blei ikkje skattlagt på Vestlandet før eit stykke ut på 1600-talet. Det tyder på at det stabile sildefisket hovudsakleg var på båhuslenkysten.

Tydinga av vintersildfisket på Vestlandet fram til ca. 1620 er usikkert, sidan det er få kjelder.[11] Nokre av dei oppgjev gode periodar på Sørvestlandet til 1600–85, 1699–1784 og 1808-70.[2] I nyare tid var vintersildfisket på sitt høgaste i 1948-57. I 1956 blei det fanga 1,1 millionar tonn; i 1961 berre 70 000 tonn.[12]

Silda og lønnsemda kom tilbake i 1890-åra. Næringa blei gradvis modernisert gjennom nye fangstmetodar, og større og motoriserte fartøy som kunne følgja silda langs kysten og også driva havfiske. I 1940 og fleire av krigsåra blei kring halvparten av silda fanga i Rogaland. Sildefisket gjekk sterkt tilbake i løpet av 1960-åra på grunn av overfiske som følgje av forbetra teknologi. I 1970-åra blei fisket stadig strengare regulert og forbode i enkelte periodar.[1] Fyrst ut på 1980-talet blei det tillate å fiska større mengder fisk, og kvotane blei etter kvart auka.[1]

Sildeavtalen med Storbritannia i 1916[endre | endre wikiteksten]

I 1916 kom det norske sildefisket inn i storpolitikken med inngåinga av sildeavtalen med Storbritannia, eit komplisert avtaleverk fatta på bakgrunn av den lovstridige blokaden til britane av Tyskland og Austerrike. Folkeretten forbaud blokade av matimporten til fienden, og eit nøytralt land som Noreg stod fritt til å selja sild utanlands. Frå utbrotet av den fyrste verdskrigen i 1914 sikra tyskarane seg alt Noreg eksporterte av sild, sidan dei overbaud alle. Norsk sild blei dermed for dyr også for norske kjøparar. Dette gjorde at regjeringa såg seg nøydd til å setja eit tak på eksporten, slik at norsk sild blei til å få for nordmenn òg. Britane var likevel ikkje nøgde, og i 1915 truga dei med at om det ikkje kom fleire restriksjonar på norsk sal av sild til Tyskland, ville britisk sal av kol og olje til Noreg bli stoppa heilt. Norsk sildesal til Tyskland gjekk frå Bergen gjennom nøytralt norsk og svensk farvatn til Austersjøen, der tyske ubåtar heldt allierte fartøy unna. Men britane ville ikkje la tyskarane nyta godt av norsk sild, og dei hadde makta over den norske utanriksøkonomien som gjekk gjennom City of London.[13]

Gunnar Knudsen var dermed nøydd til å gripa inn, og sende fiskeridirektør Johan Hjort til London i 1926. Fiskeridirektoratet var ikkje noko statleg organ den gongen, men finansiert og oppbygd av bransjen sjølv. Fiskeridirektør Hjort var fortvila over oppgåva; han innsåg at instruksane var mangelfulle og inkonsekvente. Han kom heim med ein avtale der britane forplikta seg til å kjøpa overskotet frå vårsildfisket til marknadspris gjennom selskapet til Albert Martens, den britiske konsulen i Bergen. Slik skulle Noreg sleppa å tapa økonomisk på blokaden av Tyskland, samtidig som ordninga ikkje stod fram som noko brot på norsk nøytralitet. Men britane hadde ikkje bruk for all den silda dei no var kjøparar av. Dei fekk silda dei trong frå Skottland, som krigen hindra i å handla med Tyskland. Silda hauga seg dermed opp i Noreg. Johan Hjort og følgjet hans hadde forbod mot å fortelja offentleg kva dei hadde avtalt i London. Det måtte for all del ikkje komma ut at Noreg hadde brote nøytraliteten. Hjort vart dermed nøydd til å nekta for sanninga om avtalen han hadde inngått med britane. Samtidig hopa bevisa for nøytralitetsbrotet seg opp på bryggjene i Vågen, der det etter kvart stinka stramt frå sildetønnene som stod stabla i haugar som tårna seg opp.[14] Alfred Martens hadde kjøpt sild for 250 millionar kroner våren 1916. Britane kjøpte i 1916 og 1917 opp norsk sildar for ialt nesten 500 millionar kroner. Berre noko av oppkjøpet hamna i England. Medan tyskarane svalt, rotna enorme mengder med sild i Bergen.[15]

Statsminister Knudsen ville sikra Noregs interesser med alle middel, og Johan Hjort sine avskjedssøknader blei avviste gong på gong. Han blei send tilbake til London for vidare forhandlingar, som han fortalde om i memoarane sine frå 1927. Gunnar Knudsen ville mellom anna kjøpa tilbake silda britane hadde kjøpt, til nedsett pris. Men ordninga var allereie for dyr for dei, slik Hjort hadde føresett. Avtalen blei endra til at britane fekk ein makspris på sild dei kjøpte, som elles ville vorte selt til Tyskland. Dermed blei det eit direkte sal, i staden for den kamuflerte handelen via private forretningsdrivande. Fiskarar og oppkjøparar var opprørte over ordninga, og tyskarane påpeika straks at avtalen braut med den norske statusen som nøytralt land når Noreg diskriminerte Tyskland på statleg nivå. Eit lovfesta forbod mot eksport til Tyskland avdekte at det var Noreg, ikkje privatpersonar, som var avtalepartnaren. Dermed hadde Noreg teke parti i ein pågåande krig, og hausten 1916 trappa tyskarane opp ubåtkrigen i Nordsjøen. I alt 143 norske skip blei senka av dei i 1916. Tyskarane forklarte at dei søkte å hindra leveransar til Russland, men folk i Noreg opplevde opptrappinga som eit tilsvar på sildeavtalen med britane. Attpåtil kravde britane at norske hamner skulle stengjast for tyske ubåtar. Tyskarane truga straks med reaksjonar. For dei verka ubåtkrigen som eit lovleg tilsvar på den ulovlege blokaden til britane. Gunnar Knudsen si regjering hadde sett Noreg i akutt krigsfare, og det blei reist krav om å erstatta henne med ei samlingsregjering. Kong Haakon spurde Christian Michelsen korleis han stilte seg til å overta som statsminister igjen, men Venstre hadde fleirtal i Stortinget og var den lovleg valde regjeringa i Noreg. Gunnar Knudsen blei sitjande.[16]

Sildefiske i kyrkjeleg retorikk[endre | endre wikiteksten]

Då sildestimane lét vere å komma inn til kysten på slutten av 1500-talet, meinte Absalon Pederssøn Beyer at dette var ei straff frå Gud fordi lensherren hadde teke sildetienda frå bygdeprestane.[17]

Peder Claussøn Friis meinte at silda forsvann på grunn av den slette åtferda og utakksemda folk hadde for gåvene til Gud. Han meinte også at ei underleg sild som var blitt fanga i 1587 var ei åtvaring frå Gud om at han ville ta denne rike gåva frå dei.[18]

Konservering[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner til at sild blei lagt i tønner på 1300-talet.[19][20] Dei blei truleg lagde i saltlake.

Hermetisk nedlegging av fisk byrja på Vestlandet i 1870–80.[21] Den norske fiskehermetikkindustrien utvikla seg deretter til ein storindustri med internasjonal marknad, vesentleg på grunnlag av røykte brislingsardinar i olivenolje, seinare også sildesardinar.[21]

Sildefiske i Nordsjøen[endre | endre wikiteksten]

Norske fiskarar driv også sildefiske i Nordsjøen og tilstøytande område.[1] Den norske deltakinga i nordsjøfisket etter sild tok seg sterkt opp, etter kvart som sildefisket på kysten gjekk tilbake i 1960-åra.[1] Også nordsjøsilda, som blir fiska frå fleire land, blei etter kvart sterkt overutnytta.[1] Fisket måtte regulerast, og Noreg innførte forbod mot fiske av atlantoskandisk sild i 1977 med innskjerping i oktober 1979.[1][22] Også fleire EU-land reduserte fisket sitt sterkt, men tok det opp igjen i byrjinga av 1980-åra.[1] Det norske fisket blei tillate igjen i 1983.[1]

I løpet av 1990-åra har det funne stad store endringar i fisket etter sild.[1] Det totale fangstkvantumet av nordsjøsild har blitt redusert frå 667 000 tonn i 1989 til om lag 300 000 tonn i 2001.[1] I åra 2002–2005 var det ei positiv utvikling, og totalkvoten for 2005 var på rundt 500 000 tonn med ein norsk del på 166 000 tonn.[1] I fisket etter norsk vårgytande sild har det sidan 1990-åra vore ei positiv utvikling. Den totale fangsten av norsk vårgytande sild har auka frå 78 000 tonn i 1990 til 890 000 tonn i 2004.[1] Den norske fangsten auka i same periode frå 66 000 tonn til 485 000 tonn.[1] Den norske kvoten for 2005 var sett til 578 000 tonn.[1]

Sildefiske ved Island[endre | endre wikiteksten]

Nordmenn dreiv sildefiske ved Island frå byrjinga av 1900-talet.[1] I løpet av 1960-åra blei fisket sterkt redusert som følgje av svikt i bestanden, og det tok slutt ved inngangen til 1970-åra.[1]

Galleri av sildefiske i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Internasjonal fangst[endre | endre wikiteksten]

Samla fangst av sild (Clupea harengus) i tonn i perioden 1950–2010. Tal ifølgje FAO.[23]

Fisket etter sild i Atlanterhavet blir styrt av fleire organisasjonar som samarbeider på grunnlag av forskrifter og reguleringar med blant anna fiskekvoter. I 2010 blei det erklært at arten ikkje var truga av overfiske.[24]

Internasjonalt galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 «Sildefiske» i Store norske leksikon (vitja 10. juli 2014)
  2. 2,0 2,1 2,2 fiskeri.no: Sildas mysterier
  3. Edvard Bull: Nordmenn før oss bind 1 (s. 95), forlaget Tano, 1985, ISBN 82-518-2080-4
  4. Hilde Sandvik og Geir Atle Ersland: Norsk historie (s. 188), Samlaget, Oslo 2008, ISBN 978-82-521-5182-4
  5. Regesta Norvegica, bind 2, nr. 608 fra ca. 1290 om eksport til England -
  6. Regesta Norvegica, bind 2, nr. 489 fra 1288 om eksport til Tyskland -
  7. Regesta Norvegica, bind 2, nr. 135 -
  8. Regesta Norvegica, bind 1, nr. 143 - Tillatelsen ble bekreftet igjen i 1247, jamfør Regesta Norvegica, bind 1, nr. 781 -
  9. Knut Helle: Fra våg til by, Dreyer forlag, Stavanger, 1975, side 161.
  10. Harald Maaland: Fra bispesete til borgerby, Stavanger 1530-1630, Stavanger, 1981, side 85 med henvisning til Peder Claussøn Friis.
  11. Maaland Harald: Fra bispesete til borgerby, Stavanger 1530-1630, Stavanger, 1981 , side 86.
  12. Grunntrekk i norsk historie (s. 353), Universitetsforlaget, Oslo 1991, ISBN 82-00-21273-4
  13. Christian Borch: Kjøp Berlin! (s. 98-99), forlaget Cappelen-Damm, Oslo 2018, ISBN 978-82-02-56711-8
  14. Christian Borch: Kjøp Berlin! (s. 100-02)
  15. Foto av sildetønner stablet i Bergen havn
  16. Christian Borch: Kjøp Berlin! (s. 102-06)
  17. Øystein Rian: For Norge, kjempers fødeland (s. 56), Samlaget, 2007, ISBN 978-82-521-6691-0
  18. Øystein Rian: For Norge, kjempers fødeland (s. 78)
  19. Regesta Norvegica, bind 5, nr. 435 fra 1341 -
  20. Regesta Norvegica, bind 7, nr. 1049 fra 1382 -
  21. 21,0 21,1 Oppslagsordet «hermetikk» i Store norske leksikon
  22. Melding fra fiskeridirektøren, 26. oktober 1979
  23. Clupea harengus (Linnaeus, 1758) FAO, Species Fact Sheet. Retrieved April 2012.
  24. «Atlantic States Marine Fisheries Commission: Atlantic Herring». Arkivert frå originalen 27. april 2004. Henta 2. juli 2009.