Symra
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå symre.
Symra er den einaste diktsamlinga Ivar Aasen gav ut medan han levde. Samlinga er eit prov på at det let seg gjera å skrive lyrikk på landsmål. Symra var den første diktsamlinga på nynorsk. Attåt gir det eit bilete av Aasen som diktar. Mange av dikta vart snøgt folkeeige, og vart tekne opp i folketradisjonen som viser. Om lag halvparten av dikta lever vidare som songar.[1]
Første utgåva gav han ut i 1863. Den hadde tittelen: Symra, Tvo Tylvter med nya Visor. Den endelege utgåva kom i 1875. Då hadde Aasen brigda ho to gonger.
Aasen nyttar kjende folkeviseformar i desse dikta, mellom anna nystev-forma, og byggjer ofte på gamle ordtak og folkelege uttrykk. Visene har ofte vore med i dei klassiske skolesongbøkene, og nokre av dei, som «Nordmannen», er rekna som nasjonalsongar.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- «Fyrestev»
- «Gamle Norig»
- «Nordmannen» («Millom bakkar og berg»)
- «Dei gamle Fjelli»
- «Heimvegen»
- «Gamle Grendi»
- «Vaardagen»
- «Sumarkvelden»
- «Haustvisa»¨
- «Hugen»
- «Von og Minne»
- «Saknad»
- «Elskug-kvæde»
- «Det einlege standet»
- «Ymse Vasarlag (1875)»
- «Tolugd Mod»
- «Tjon og Von»
- «Fals og Fusk»
- «Uvitingskap»
- «Høgferd»
- «Hugen til Rikdom»
- «Att og fram»
- «Gløymska»
- «Livet»
- «Vit og Tru»
- «Etterstev»
Tonsetting av dikt
[endre | endre wikiteksten]Nokre av dikta er tonsette av kjende komponistar som David Monrad Johansen, Sparre Olsen og Eivind Groven. I høve Aasen-jubileet i 1996 vart fleire av visene i samlinga sunge inn på folketonar av kvedargruppa Dvergmål. Henning Sommerro har òg sunge inn nokre av dei på plata Neonlys på Ivar Aasen frå 1983.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Symra på Wikikilden (frie originaltekstar) |
- ↑ Norsk Tidend nr 5 2013.
- Reidar Djupedal: Etterord i Symra og andre dikt. Noregs Boklag. 1963.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Symra på Wikikilden (frie originaltekstar) |