Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Hopp til innhald

Zabajkalskij kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zabajkalskij kraj
Забайкальский край
kraj
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Aust-Sibir
Del av Den sibirske føderasjonskrets, Den fjernøstlige føderasjonskrets
Hovudstad Tsjita
Areal 431 500 km²
Folketal 1 053 485 (1. januar 2021)
Språk russisk
Tidssone UTC +9
Kart
Zabajkalskij kraj
54°N 118°E / 54°N 118°E / 54; 118
Wikimedia Commons: Zabaykalsky Krai

Zabajkalskij kraj[a] er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Territoriet vart danna den 1. mars 2008 då Tsjita oblast vart slått saman med det sjølvstyrte området Aga Burjatia. Hovudstaden er Tsjita, arealet er 431 500 km² og innbyggjartalet er 1 053 485 (2021). Namnet Zabajkalskij kan omsetjast som Bak Bajkal.

Zabajkalskij kraj ligg sør i Sibir, og grensar til Mongolia og Kina i sør. Området består hovudsakleg av mellom-høge fjell, (600–700 moh.), men fjellkjeda Kodar i nord når opp til 3000 meter over havet. Om lag halvparten av territoriet er skogkledd, og her er mange innsjøar. Klimaet er kontinentalt, mellomtemperaturen i januar er –30 grader celsius, i juli +20 grader celsius. Område i nord har permafrost. Naturressursane omfattar førekomstar av gull, molybden, tinn, bly, sink og kol. Matproduksjon i området er hovudsakleg saueal. I liten skala vert det dyrka poteter, grønsaker, kveite, havre, bygg og bokkveite. Den transsibirske jernbanen går gjennom området.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Den einaste større byen er Tsjita med 324 400 ibuarar.[1]

Befolkninga er hovudsakleg russarar, men her bur òg mellom anna mange burjatar, særskilt i Aga Burjatia. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

Den første befolkninga ein kjenner i området var burjatar og mongolar. På 1200-talet vart det del av det mongolske riket. Dei første russarane som kom hit var kosakkar i 1653. Allereie i løpet av 1600-talet oppstod dei første permanente russiske støttepunkta. I 1689 vart grensa til Kina regulert ved Nertsjinsk-traktaten. Etter den russiske revolusjonen var Tsjita i hendene på kontrarevolusjonære styrkar, kvitegardistar, mellom 1918 og 1920. Frå 1920 til 1922 var Tsjita hovudstad for den sovjetisk-kontrollerte Fjernaustlege republikken, som i 1922 vart slått saman med den russiske sovjetrepublikken. Tsjita oblast vart oppretta i 1937. Det autonome distriktet Aga Burjatia var underlagt Tsjita oblast. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart både Tsjita oblast og Aga Burjatia eigne føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Ved valet til den lovgjevande forsamlinga i Tsjita oblast den 17. oktober 2004, vart Sameint Russland det klart største partiet, med 35,6 % av røystene. Den 1. mars 2008 vart Tsjita oblast slått saman med Aga Burjatia, etter ei folkerøysting.

  1. russisk Забайкальский край Zabajkalskij kraj
  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Zabajkalskij kraj