Anstrengelsesutløyst matallergisk reaksjon er ein anafylaksireaksjon på grunn av allergi mot ei matvare som ikkje blir utløyst utan at det også skjer fysisk anstrengelse.
Reaksjonen kjem som regel ved fysisk anstrengelse innan ein til fire timar etter matinntaket, men nokre gonger så seint som 24 timar etter. Maten aleine eller anstrengelse aleine løyser ikkje ut reaksjon; kombinasjon av mat og anstrengelse er nødvendig.
Nemninga Food-dependent exercise-induced anaphylaxis (FDEIA) vart i engelskspråkleg faglitteratur i 1983 introdusert for denne typen anafylaksi, som er både matavhengig og anstrengelsesavhengig. Ein anafylaktoid reaksjon utløyst berre av anstrenging utan kjent matallergi, blir kalla exercise-induced anaphylaxis (EIA).
Anstrengelsesutløyst matavhengig anafylaksi er lite vanleg, og er ein vanskeleg diagnose å stille, mykje fordi ein på grunn av tidsfaktoren ikkje så lett koblar det relevante matinntaket til reaksjonen. Diagnosen er likevel viktig å huske ved anafylaksi utan umiddelbart openberr årsak. I ei stor undersøking med 70 000 deltakarar vart anstrengelsesutløyst matavhengig anafylaksi påvist hos 1 av 5000 ungdommar.
Risikoen for anstrengelsesutløyst matavhengig anafylaksi er til stades i alle aldersgrupper, men mest hos tenåringar og unge vaksne. Risikoen synest ikkje vere avhengig av kondisjonsnivå. Risikoen blir auka av tilleggsfaktorar som er kjende for å auke risikoen for allergisk reaksjon, slik som acetylsalisylsyre og andre ikkje-steroide betennelsesdempande legemiddel (NSAIDs), alkohol, menstruasjon, høg eller lav temperatur, stress og infeksjonar.
Risikoen er nesten alltid knytt til ei spesifikk matvare. Skaldyr og selleri var dei matvarene som først vart oppdaga som årsak. Seinare har protein frå kveitekorn, bygg, rug, havre, bokkveite, ris, sennep, sesamfrø, erter, bønner, peanøtter, trenøtter, pinjekjerner, kastanje, kvitlauk, lauk, appelsin, fersken, druer, vin, eple, tomat, potet, fennikel, salat, sopp, sneglar, østers, reker og blekksprut, og kjøtt frå svin, villsvin, okse, kylling og kalkun blitt kobla til anstrengelsesutløyst matallergisk anafylaksi. Kveite er den kornsorten som oftast er rapportert, og denne anafylaksien har fått sitt eige namn, kveite-avhengig anstrengelsesutløyst anafylaksi (wheat-dependent exercise-induced anaphylaxis (WDEIA)).
Kveitekornet inneheld naturleg fleire allergene protein, og dessutan vert isolerte kveiteprotein kjemisk og allergenmessig endra mellom anna ved deaminering eller hydrolyse til bruk som emulgatorar og stabilisatorar i industrielt tillaga mat som supper, bakarvarer og ein del kjøttprodukt, mellom desse leverpostei og skinke. Hydrolyserte kveiteprotein vert også nytta i kosmetikk som såpe, sjampo, kremar og balsam. Bruk av slike produkt kan indusere allergi mot det endra kveiteproteinet, nokre gonger utan samtidig allergi mot naturleg protein frå kveitekorn. I Japan oppsto ein liten epidemi av kveiteprotein-avhengig anstrengelsesutløyst anafylaksi nokre månader etter lansering av ei ansiktssåpe med hydrolysert kveiteprotein. Kanskje på grunn av bruken av kveiteprotein i hudpleieprodukt er kveiteprotein-avhengig anstrengelsesutløyst anafylaksi meir vanleg hos vaksne enn hos barn og ungdom.
Symptoma som kjem først er vanlegvis frå huda, med raudfarge og kløe. Symptoma kan halde seg på dette nivået ved vidare anstrengelse, eller utvikle seg vidare til urticaria, angioødem og symtom på anafylaksi frå mage, luftvegar og blodsirkulasjon. Alvorlegheitsgraden kan variere frå svært lett til livstruande reaksjon.
Anstrengelsen som er nødvendig kan variere sterkt; frå lett gange eller hagearbeid til militær utmarsj og trening.
Tidsintervallet før symptoma kjem etter fysisk anstrengelse er oftast under 30 minutt, men nokre gonger mykje lengre, og i nokre tilfelle kjem anfallet etter avslutta trening. Det har òg vore tilfelle der reaksjonen har kome når maten vart eten umiddelbart etter fysisk anstrenging.
Diagnosen byggjer først og fremst på ei grundig sjukehistorie, med støtte av måling av spesifikt IgE i serum mot mistenkte matvarer.
Fysisk anstrengelse aukar risikoen også for tidleg anafylaktisk reaksjon på grunn av matallergi. Fleire mekanismar vert diskutert, mellom desse auka permeabilitet i tarmen ved anstrengelse, endra enzymaktivitet i tarmslimhinna, endra surheitsgrad i muskulaturen (pH) som destabiliserer mastcellene, omfordeling av blod frå tarm til anna vev som fører til spredning av allergenet til andre område enn mage-tarm, og anna.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.