Ålegresslekta er ei marin slekt med fem artar i ålegrasfamilien. Det finst ein art i Noreg (ålegras, Zostera marina).
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Zostera
- Beskriven av
- Carl von Linné
Artane i ålegrasslekta veks i sjøen på sand og mudder, har ein krypande jordstengel og lange, båndforma blad som sit festa til hovedstengelen med ei slire. Blomane utviklar seg sitjande på blada. Ålegras er dermed ein av få norske plantar som er vannpollinerte.
Tidlegare rekna ein at ein hadde tre artar i ålegrasslekta i Noreg (ålegras, smalålegras og dvergålegras), men smalålegras reknast no som same art som ålegras, og dvergålegras er ført til ei anna slekt (Nanozostera). Ålegras er utbreidt langs heile norskekysten.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.