Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Versj. 2
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 9. februar 2021. Artikkelen endret 18 tegn fra forrige versjon.

Rettskrivingsreform er ei omfattande rettskrivingsendring i eit skriftspråk, ofte gjennomført av eit offentleg organ eller eit anna organ som har ansvar for å normere eit skriftspråk.

Rettskrivingsreformar er relativt vanlege i dei fleste språk.

Større rettskrivingsreformar i norsk:

  • 1862: Norvagisering av dansk
  • 1901: Den fyrste offisielle nynorskrettskrivinga (landsmål)
  • 1907: Den fyrste offisielle bokmålsrettskrivinga (riksmål).
  • 1917: Den fyrste reforma der bokmål (riksmål) og nynorsk (landsmål) vart reformert samtidig og med like prinsipp.
  • 1938: Reform av nynorsk og bokmål, ofte kalt samnorskreforma. Det vart innført skilje mellom hovudformer og sideformer.
  • 1941: Reform av nynorsk og bokmål, vedteken av Quisling-regjeringa. Reforma vart oppheva i 1945.
  • 1959: Reform av nynorsk og bokmål med innstramming av læreboknormalen.
  • 1981: Reform av bokmål, der fleire konservative former vart tekne inn att i rettskrivinga.
  • 2005: Reform av bokmål
  • 2012: Reform av nynorsk