Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Versj. 15
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 21. juni 2021. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Rosendal er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,2 km², og har 787 innbyggjarar (2020).

Rosendal er administrasjonssenter i Kvinnherad kommune, og ligg på vestsida av Folgefonnhalvøya. Det er stor turisttrafikk i tillegg til verkstadindustri, mellom anna skipsbygging. I området rundt tettstaden er det mykje jordbruk.

Rosendal er kjend for Baroniet Rosendal, og i tettstaden ligg i tillegg Kvinnherad Museum. Kvinnherad kyrkje i gotisk/romansk stil er frå ca. 1250. Skuta «Gjøa» som Roald Amundsen brukte då han seilte gjennom Nordvestpassasjen 1903–1906 vart bygd i Rosendal.

I Rosendal kjem lokalavisa Grenda ut.