Rosendal er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,2 km², og har 828 innbyggjarar (2021)
Rosendal er administrasjonssenter i Kvinnherad kommune, og ligg på vestsida av Folgefonnhalvøya. Det er stor turisttrafikk i tillegg til verkstadindustri, mellom anna skipsbygging. I området rundt tettstaden er det mykje jordbruk.
Rosendal er kjend for Baroniet Rosendal, og i tettstaden ligg i tillegg Kvinnherad Museum. Kvinnherad kyrkje i gotisk/romansk stil er frå ca. 1250. Skuta «Gjøa» som Roald Amundsen brukte då han seilte gjennom Nordvestpassasjen 1903–1906 vart bygd i Rosendal.
I Rosendal kjem lokalavisa Grenda ut.