Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Gunn Hild Lem 7. januar 2022. Artikkelen endret 9 tegn fra forrige versjon.

Incel identifiserar nokon, som oftast ein mann, som ikkje har hatt sex på lenge eller i det heile teke, og som opplev dette som sentralt for kven dei er. Omgrepet er ei samantrekking av det engelske involuntary celibate, det vil seie ufriviljug sølibat.

Omgrepet incel har sitt opphav i ei nettside starta opp i 1993 ved navn «Alana's Involuntary Celibacy Project». Forfattaren, ei ung kanadisk jente, tok her opp utfordringane ved livet som sexlaus. I 1997 vart det til ei mailingliste som nytta forkortinga INVCEL. Dette ble seinare vart korta ned til incel under Donnelly-studien, ein vitskapleg studie av denne mailinglista.

Incel vart først ein del av daglegtala og medias diskurs i april 2018 etter at Alek Minassian angjevelig køyrde ned og drepte 10 menneskje, og skada 16, i Toronto.

Ein incel er både ein identitet og ein ideologi, ein incel identifiserer seg sjølv som i eit ufriviljug sølibat og tar oftest del i grupper og forum på nettet dedikert til å drøfte erfaringer og utfordringar ved dette. For ein incel er mangelen på sex ein sentral identitetsmarkør. Dei opplever at mykje av deira verdi som menneskje ligg i deira evne og høve til å ha ein eller fleire sexpartnarar. Det vert ein karakterfeil at dei ikkje gjer det, og forklaringa på kvifor dei ikkje får dette til vert deira avgjerande karaktertrekk. Dette vert gjort mogleg av eit sosialt miljø, som i utgangspunktet fungerer som støttegruppe, som understreker og forsterker dette negative sjølvbiletet.

Ein incel er såleis eit omgrep for ei spesifikk gruppe menneskje, men óg ein merkelapp, meint å utpeike aggressive menn på den radikale høgresida; som ein antek er kvinnefiendtlege og ikkje er attraktive på den seksuelle marknaden av ulike årsakar, oftast sosiale.

Sentralt for ein incel at han ikkje anser seg sjølv som fysisk attraktiv og derfor ikkje aktuell som sexpartnar. Ein ser ofte dei forklarar dette med ulike overfladiske grunnar. Desse forklaringane gjev gjerne opphav til eigne underkategoriar av incels, med eigne undergrupper på foruma.

Forklaringane er ofte grunna i biologiske idear om kva kvinner finn tiltrekkjande og ikkje, og er særs deterministiske. Ein incel rekner seg som ikkje-attraktiv frå naturen si side, og tenkjer at det er lite som kan endre det. Kvinner vil ifølgje incels vere predeterminert av biologi til å vere tiltrukken av rike, veltrente, pene menn med høg status (kalla chads). Naturen har difor utelukka incels frå å ha sex. Dette bidreg til å gjere dei bitre, deprimerte eller aggressive, spesielt når dei støtter kvarandre i denne i denne negative tankegongen. Nokre incels nytter omgrepet suicidefuel for desse kjenslene, eller det å miste trua på menneskeheita.

Det er ikkje gjort tilstrekkeleg arbeid med å kartleggje demografien, men ein har ein del informasjon frå incelmiljøa som er samla på Incelwiki, eit oppslagsverk for miljøet. I all hovudsak kan ein si at dei er unge menn, i aldaren tjue og oppover, med eit lite mindretal kvinner. Ifølge ei undersjøkjing på incels.co er berre om lag 50 prosent av medlemmane kvite, om lag halvparten er frå middelklassebakgrunn, og om lag halvparten hadde fullført skulegang på vidaregåande nivå.

Incelmiljøa har etterkvart blitt utelukka frå fleire av dei store foruma på nett, (til dømes Reddit). Dei er no i all hovudsak organisert seg på eigne, spesialiserte forum, slik som det òg var i byrjinga. Dei mest populære er Incels.co, Facebook's Incelistan, Incelistan.net, love-shy.com, Incelswithouthate, og Foreveralone.

Incelmiljøet (da love-shy) starta opp med føremål å skape eit positivt fellesskap rundt seksuelle og kjenslemessige utfordringar i 1993, men har utvikla seg til å verte prega av misogyni, aggressivitet og negativt forsterkende retorikk.

Ei rekke konkrete terroråtak kan knyttast til incelmiljøet. Elliot Rodgers åtak i Isla Vista i 2014 tok livet av sju menneske, og vart seinare hylla av Alek Minassian, som vart sikta for massedrap i Toronto.

Det er likevel viktig å understreke at incels er varierte, og du vil finne incels langs heile det politiske spekteret. Det er ingen automatikk i koplinga mellom incels og politisk vald eller den politiske høgresida, og ein bør vere varsam med å generalisere då det finnes motstemmer i miljøet som trekker fram håp og livsglede, nemt i miljøa som lifefuel, som ein motsetnad til suicidefuel.