Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Versj. 21
Denne versjonen ble publisert av Jostein Avdem Fretland 15. desember 2022. Artikkelen endret 516 tegn fra forrige versjon.

Transkripsjon er overføring av tale til lydskrift, eller av ein tekst frå eitt skriftsystem til eit anna, til dømes frå kyrillisk til latinsk skrift.

Transkripsjon blir også brukt om musikalsk arrangement for eit anna instrument enn det komposisjonen eigentleg er skriven for.

Når ein transkriberer til latinske bokstavar er det vanleg å bruke ein transkripsjon som gjev eit tilnærma rett bilete av uttalen i det framande språket. Enkeltbokstavar i russisk blir såleis attgjevne på norsk med sj og tsj, i engelsk med sh og ch, i fransk med ch og tch, i tysk med sch og tsch, i svensk med sj og tj. For andre skriftsystem har det skjedd ei viss internasjonal samordning, til dømes for kinesisk, der den såkalla pinyin-transkripsjonen erstattar eldre nasjonale transkripsjonssystem.

Med translitterasjon meiner ein ei omskriving bokstav for bokstav, slik at originalen kan rekonstruerast i detalj. Translitterasjon blir først og fremst brukt i vitskaplege samanhengar. I translitterasjon heiter til dømes det russiske fyrstenamnet Potëmkin (eller Potemkin; russisk Потёмкин eller Потемкин), i transkripsjon Potjomkin eller, endå meir fonetisk, Patjomkin.

For transkripsjon av enkelte alfabet og skriftsystem, sjå artiklane om vedkomande språk.

Transkripsjon er eit musikalsk arrangement for eit anna instrument enn det komposisjonen eigentleg er skriven for.

Uttrykket er òg brukt om notasjon av framført, munnleg overlevert musikk (i folkemusikk, jazz med meir).

Transkripsjon, syntese av RNA med DNA som templat. Transkripsjonen er prosessen der informasjonen i arvestoffet blir avlesen og overført til ulike klassar RNA-molekyl.