Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

Tilbake til artikkelen

Tilbake til historikken

Håkon Håkonsson – den unge

Versj. 17
Denne versjonen ble publisert av Ida Scott 24. april 2023. Artikkelen endret 53 tegn fra forrige versjon.

Håkon Håkonsson var ein norsk kongsson, eldste son av kong Håkon Håkonsson og Margareta Skulesdatter.

Håkon Håkonsson Unge fekk kongsnamn våren 1240, før den avgjerande striden mellom faren og hertug Skule Bårdsson, kongens svigerfar og Håkon den unges morfar. Håkon Unge blir i sagaene skildra som ein evnerik mann, med viktige militære og politiske oppgåver i riksstyringa. Han døydde imidlertid før faren, og den yngre broren Magnus Lagabøte etterfølgde faren som konge.

Konungstekja av Håkon Unge på Øyrating i Nidaros skjedde 1. april 1240, og handlinga vart gjentatt for ei meir riksrepresentativ forsamling i Bergen 12. april. Bakgrunnen for seremoniane var hertug Skules opprør; suksesjonen skulle liggje fast dersom Håkon Håkonsson fall ifrå. Samtidig innebar Håkon Unges kongsnamn at legitimitetsprinsippet i arvefølgja var akseptert, da kandidaturet til ein eldre uektefødd halvbror ikkje vart aktualisert. Det er også naturleg å sjå designasjonen som uttrykk for arveretten som tronfølgjerettsleg grunnprinsipp. Ifølgje Håkon Håkonssons saga nekta derimot gamlekongen å ta standpunkt til einekongedømet så lenge begge hans to ektefødde søner levde.

I sagaskildringa av Håkon Håkonssons kroning i Bergen sommaren 1247 er Håkon Unge nemnt først saman med faren i kategorien «verdslege høvdingar», og han bar krona i prosesjonen frå kongsgarden til Kristkyrkja. Som myndig kom han no – som medkonge – med i regjeringskrinsen kring kongen, med særskilt status og særskilt ansvar. Saman med faren er han medbeseglar av freds- og handelstraktaten med Lübeck 6. oktober 1250, der han opptrer som den første i vitnelista.

Våren 1249 vart Håkon Unge trulova med Rikitsa, dotter til den reelle svenske riksstyraren Birger Magnusson jarl, og hausten 1251 vart dei vigde i Oslo. Ekteskapet var ledd i ei omorientering av norsk utanrikspolitikk, der Danmark skulle setjast under militært og politisk press. Føresetnaden for denne politikken var at norsk-svenske tvistemål vart rydda til side; Håkon Håkonsson såg vidare for seg ein allianse mellom dei to grannerika retta mot Danmark. Giftarmålet vart eit ytre uttrykk for denne politikken og for fred og vennskap over Kjølen. Håkon Håkonssons saga legg stor vekt på å skildre dei nære og gode relasjonane mellom Håkon Unge og svigerfaren.

Frå 1249 deltok Håkon regelmessig i stemneleidang og krigstog til det nordiske grenseområdet ved Göta älv. Han deltok aktivt i herjingstoktet mot Halland sommaren 1256, og om hausten hadde han hovudansvar for innkrevinga av eit stort krigsbytte. Sommaren 1255 sende han forhandlarar til kongen av Castilla for å tinge om giftarmål for søstera, prinsesse Kristin. Det ser ut til at han hadde ansvaret for denne spanske kontakten like til han døydde; det tyder på at han hadde ei sjølvstendig politisk rolle i riksstyringa.

Soga om den islandske biskop Gudmund Arason fortel at «Hákon konúngr úngi» omsette den religiøse forteljinga Barlaams ok Josaphats saga frå latin til norrønt mål. Etter samanhengen synes forfattaren av bispesoga å identifisere Håkon Unge med Håkon 3 Sverresson (død 1204). Opplysninga om omsetjaren er usikker, men dersom ho er autentisk, må det av tekstkritiske grunnar vere Håkon Håkonsson Unge som er meint. Arbeidet fell også godt inn i den høviske omsetjartradisjonen ved Håkon 4 Håkonssons hoff. Spørsmålet om Håkon Unge i så fall omsette fortejinga sjølv, eller berre formidla oppdraget, veit vi ikkje noko om.

Håkon Unge vart sjuk våren 1257 og døydde i Munkeliv kloster (Olavsklosteret) i Tønsberg 5. mai. Han vart gravlagd i Hallvardskyrkja i Oslo, ved sida av kong Sigurd Jorsalfare. Prinsesse Rikitsa reiste året etter attende til Sverige, og ho gifta seg nokre år seinare med den nordtyske greven Henrik av Werle. Det einaste barnet til Håkon og Rikitsa, sonen Sverre Magnus («junker Sverre»), vart buande hos farfaren i Bergen, men han døydde alt vinteren 1260–61.

Soga skildrar Håkon som ein vakker, vennesæl og gjevmild mann, og som den beste ryttaren i Noreg. Den engelske historieskrivaren Mattheus Parisiensis, som besøkte Håkon Håkonsson i Noreg 1248–49, karakteriserer i si Chronica Majora Håkon Unge som ein staut ungdom (adolescens speciosus). Majestetsseglet til Håkon syner på adversen ein sitjande ung konge med sverd, septer og ei svakt taggete krone. Reversen syner kongen til hest med lukka hjelm, skjold og sverd, og har ei særmerkt latinsk omskrift som på norsk lyder slik: «Kong Håkon den herlege, djerv i våpen, kunnig i brystet.»

  • Avtrykk av Håkon Håkonsson Unges dobbeltsegl finst på eit brev frå oktober 1250 (Regesta Norvegica, bind 1 nr. 829) i Archiv der Hansestadt Lübeck, kopi i Riksarkivet, Oslo
  • P. A. Munch: Det norske folks historie, del 3, 1857, del 4, bind 1, 1858
  • C. Brinchmann: Norske konge-sigiller fra middelalderen, 1924
  • E. Bull d.e.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 5, 1931
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1130–1319, 1972
  • K. Helle: Norge blir en stat 1130–1319, bind 3 i Handbok i Norges historie, 1974
  • O. E. Haugen: «Om tidsforholdet mellom Stjórn og Barlaams og Josaphats saga», i Maal og Minne, 1983, s. 18–28
  • M. Rindal: «Barlaams ok Josaphats saga», i P. Pulsiano (red.): Medieval Scandinavia. An Encyclopedia, 1993, s. 36
  • N. Bjørgo: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Regesta Norvegica, bind 1
  • Islandske Annaler
  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger, bind 4, 1979