Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Versj. 12
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 13. februar 2024. Artikkelen endret 72 tegn fra forrige versjon.

Tyrkiske språk er ein språkfamilie som høyrer heime over eit stort område i Midtausten, Sentral-Asia og Nord-Asia, delvis også i Aust-Europa. Tyrkiske språk blir tala av over 180 millionar menneske.

Dei 41 nolevande tyrkiske språka kan delast inn i seks grupper, her nemnde med talet på førstespråkstalarar:

  1. sørvesttyrkiske (oghuziske) språk, mellom anna:
    1. tyrkisk (Tyrkia-tyrkisk) – 84 millionar
    2. gagausisk i Moldova – 146 000
    3. aserbajdsjansk (azeri) i Aserbajdsjan og Iran – 24 millionar
    4. turkmensk i Turkmenistan 6,5 millionar
  2. sørausttyrkiske(uiguriske) språk, mellom anna:
    1. usbekisk i Sentral-Asia – 31,3 millionar
    2. moderne uigurisk i Xinjiang i Kina – 10,5 millionar
  3. nordvesttyrkiske (kiptsjakiske) språk med:
    1. tatarisk og basjkirsk i Russland rett vest for Uralfjella – 4,3 millionar
    2. krimtatarisk – 581 000
    3. kasakhisk – 16,3 millionar
    4. karakalpakisk og kirgisisk i Sentral-Asia – 872 000
    5. karaimisk i Litauen – 126
    6. nogaiisk (85 600), kumykkisk (402 600), karatsjaiisk-balkarsk (280 700) i Nord-Kaukasia
  4. nordausttyrkiske(sibirske) språk, med to greiner:
    1. sørsibirsk: altaityrkisk (62 600), khakassisk (19 000), sjortsisk (2 930), tuvinsk (257 750)
    2. nordsibirsk: jakutisk (378 000), dolgansk (4 840)
  5. tsjuvasjisk (ved det midtre laupet til Volga, grannespråk til tatarisk) – 738 150
  6. khaladsj (i midtre Iran) – 19 000

Nokre forskarar meiner at tyrkiske språk er genetisk i slekt med mongolsk og tungusisk, og at desse tre utgjer ein eigen altaisk språkfamilie, men dette er ikkje bevist. Hypotesar om slektskap med koreansk og japansk har òg vore føreslått.

Tabellen under viser talorda frå 1 til 5 i språk frå ulike greiner av den tyrkiske språkfamilien, her attgjeven i IPA-transkripsjon. (Merk forkortingane SV = sørvest, SA = søraust, NV = nordvest, NA = nordaust, tsjuv. = tsjuvasjisk.)

urtyrkisk SV-tyrkisk SA-tyrkisk NV-tyrkisk NA-tyrkisk tsjuv.
Tyrkia-tyrkisk uigurisk kasakhisk jakutisk tsjuvasjisk
1 *bir bir bir bir biːr perrɛ
2 *eki iki ikki eki ikki ikke
3 *yʧ ys wiʃʃe
4 *tøːrt dørt tøt tørt tyørt tɤwattɤ
5 *bæːʃ bæʃ bæʃ bes biæs pillek

Med unnatak av jakutisk og tsjuvasjisk er desse språka veldig like i grammatikk og ordtilfang.

Mange tyrkiske språk – mellom anna Tyrkia-tyrkisk har dei 8 vokalane i tabellen nedanfor, her skrivne i IPA-transkripsjon, med tyrkisk ortografi i parentes.

FREMRE BAKRE
URUNDA RUNDA URUNDA RUNDA
HØG i (i) y (ü) ɯ (ı) u (u)
LÅG æ (e) ø (ö) ɑ (a) o (o)

Aserbajdsjansk har /e/ i tillegg. Urtyrkisk skilde mellom korte og lange vokalar, eit skilje som har overlevd i fleire språk, mellom anna turkmensk og jakutisk. Mellom anna Tyrkia-tyrkisk og gagauz har mista det opphavlege skiljet mellom korte og lange vokalar, men har utvikla nye lange vokalar ved bortfall av ein følgjande konsonant, til dømes Tyrkia-tyrkisk /dɑː/ 'fjell', ortografisk dağ.

Konsonantsystema varierer noko meir. Her er nokre døme:

  • Tyrkia-tyrkisk /p b t d ʧ ʤ kʲ ɡʲ k ɡ f v s z ʃ ʒ h m n l lʲ j r/
  • aserbajdsjansk /p b t d ʦ ʣ ʧ ʤ kʲ ɡʲ k ɡ f v s z ʃ ʒ x ɣ h m n l lʲ j r/
  • usbekisk /p b t d ʧ ʤ kʲ ɡʲ k f w s z ʃ ʒ x ɣ h m n ŋ l j r/
  • uigurisk /p b t d ʧ ʤ k ɡ q ɢ v s z ʃ χ h m n ŋ l j r/
  • jakutisk /p b t d ʧ ʤ k ɡ s ʁ h m n nʲ ŋ l j j̃ r/
  • tsjuvasjisk /p t tʲ ʧ k s sʲ ʃ x m n nʲ v l lʲ j r/

Systematiske vokalassimilasjonar, såkalla vokalharmoni, er eit karakteristisk drag ved tyrkiske språk, med nokre unnatak, som usbekisk. Dette kan illustrerast med nominativ og akkusativ eintal og fleirtal av dei Tyrkia-tyrkiske substantiva el 'hand', akşam 'kveld', köy 'landsby' og kol 'arm' (suffiksa er skilde ut med ein bindestrek som ikkje er ein del av vanleg rettskriving):

tal kasus EL AKŞAM KÖY KOL
eintal nominativ el akşam köy kol
eintal akkusativ el-i akşam-ı köy-ü kol-u
fleirtal nominativ el-ler akşam-lar köy-ler kol-lar
fleirtal akkusativ el-ler-i akşam-lar-ı köy-ler-i kol-lar-ı

Vokalane ö, ü og ı står for /ø/, /y/ og /ɯ/. Fleirtalssuffikset har to former:

  • -ler etter ein fremre vokal (i, e, ü, ö)
  • -lar etter ein bakre vokal (ı, a, u, o)

Akkusativsuffikset har fire variantar:

  • -i etter ein fremre, urunda vokal (i, e)
  • etter ein bakre, urunda vokal (a)
  • -ü etter ein fremre, runda vokal (ü, ö)
  • -u etter ein bakre runda vokal (u, o)

Tyrkiske språk er kjenneteikna ved at ordbøying skjer med suffiks. Suffiksa er klart skilde frå kvarandre, som vist i tabellen ovanfor, og språka blir difor karakteriserte som agglutinerande.

Tyrkiske språk har ikke genus, og skil heller ikkje mellom hankjønn og hokjønn ved pronomen. I 3. person eintal har dei eitt pronomen som svarer til både han, ho og det på norsk, jamfør Tyrkia-tyrkisk og krimtararisk o, kirgisisk ал (al) og uigurisk ئۇ (u).

Dei tyrkiske språka har normalt omkring 6–10 kasus, og nominativ, akkusativ, dativ, lokativ, ablativ og genitiv er vanlege. Til dømes har Tyrkia-tyrkisk, kirgisisk, turkmensk, krimtatarisk og tsjuvasjisk 6 kasus, usbekisk og kasakhisk 7 kasus, jakutisk 8 kasus og uigurisk 10 kasus. Substantivet skil mellom eintal og fleirtal og kan som regel ta possessivsuffiks.

Verbalsystemet er rikt, med mange verbkategoriar – i første rekkje ulike tempus, aspekt og modus, i tillegg til person og tal – som blir uttrykte ved suffiks. Det finst òg eit rikt utval av avleiingssuffiks, med tydingar som resiprok, kausativ, repetitiv, refleksiv og passiv.

Den vanlege rekkjefølgja på setningsledda er subjekt–objekt–verbal (SOV), som i denne uiguriske setninga:

subjekt objekt verbal
ئەخمەت ماقالە باردى
Exmet maqale bardi
Ahmad artikkel skreiv
'Ahmad skreiv ein artikkel'

Attributtar står alltid framfor kjernen (overleddet, hovudet) i ein nomenfrase, som i dette jakutiske dømet:

objekt verbal
ATTRIBUTT HOVUD
Күөрэгэй ырыатын истэҕин дуо?
kyøregej ɯrɯa-tɯ-n ist-e-ɣin=duo?
lerke song-3sg.poss-akkusativ høyre-presens-2sg=spørsmål
'Høyrer du lerka sin song?'

De aller fleste tyrkiske språk har mange arabiske og persiske lånord.

Tyrkia-tyrkisk blir skrive med det latinske alfabetet, moderne uigurisk dels med arabisk, dels med latinsk alfabet, og dei tyrkiske språka i Iran med arabisk alfabet.

Dei fleste andre tyrkiske språka blir tala i område som tidlegare var ein del av Sovjetunionen og har difor vore skrivne med kyrillisk alfabet sidan 1937. Etter ay Sovjetunionen gjekk i oppløysing, har fleire av dei tidlegare sovjetrepublikkane gått over til latinsk skrift. Til dømes blir til dømes aserbajdsjansk i dag nesten utelukkende skrive med det latinske alfabetet.

Gamaltyrkisk er kjend frå 700-talet frå Sentral-Asia (Orkhon-innskriftene) og ein rik religiøs litteratur, i hovudsak buddhistisk.

På 1400-talet blei det etablert eit felles skriftspråk, dsjagatai, som etter kvart blei brukt av alle islamske, tyrkiske folk i Sentral-Asia. Dette heldt seg uendra til byrjinga av 1900-talet.

Osmanli er kjent frå 1200-talet, og kumansk eller kiptsjakisk (delvis ved Volga) frå 1300-talet. Elles er dei fleste tyrkiske språka først blitt skriftspråk på 1800- eller 1900-talet.