Clara Holst var ein norsk filolog og den første kvinna som blei tildelt ein norsk doktorgrad. Trass i dette fekk ho ikkje nokon akademisk karriere her i landet.
Ho var ein kvinneleg pionér på fleire område: Ho var den første kvinnelege filologistudenten ved universitetet i Kristiania (1890), ho var den første kvinna som tok språkleg-historisk embetseksamen (cand.philol., 1896) og ho var den fyrste kvinna som disputerte for doktorgraden i Noreg (1903).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.