Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

Faktaboks

Offisielt namn
EKORNES AS
Også kjend som

Ekornes AS

Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Ikornnes
Dagleg leiar
Tine Hammernes Leopold
Styreleiar
Ruihai Zhao
Kvilestol
Stressless Original produsert av Ekornes. Teikna i 1970 og i produksjon frå 1971.
Kvilestol
Av /Blomquist nettauksjon.
Ekornes, Fetsund
Frå produksjonslokala til Ekornes sin fabrikk på Fetsund.
Ekornes, Fetsund
Av /NTB.
Ekornes' fabrikk på Fetsund, 1974
Ekornes sin fabrikk på Fetsund.
Ekornes' fabrikk på Fetsund, 1974
Av /NTB.

Ekornes er den største møbelprodusenten i Noreg. Firmaet produserer først og fremst stoppa møblar og madrassar. Den største suksessen deira er sitjekonseptet Stressless, som blir omsett over heile verda. Konsernet eig merkevarene Ekornes, Stressless, Svane og IMG.

Firmaet vart etablert på Ikornnes i Sykkylven i 1934, og har framleis ein av Noregs største møbelfabrikkar der. Ekornes har òg fleire fabrikkar i Noreg og i utlandet. Med unntak av svenske IKEA er Ekornes den største møbelprodusenten i Norden med produksjon av madrassar, stolar, sofamøblar og skumplast.

I 2017 var det svenske investorselskapet Nordstjernan AB største eigar i selskapet, med 17,2 prosent av aksjane, medan det norske Folketrygdfondet sin eigardel var på 10,5 prosent. I 2018 vart Ekornes selt til det kinesiske selskapet Qumei Home Furnishing og teke av børs. I 2022 hadde Ekornes rundt 3200 tilsette og ein omsetnad på over tre milliardar kroner.

Stressless blir selt i over 40 land gjennom salsselskap i Noreg, Finland, Storbritannia, USA, Tyskland, Frankrike, Asia (Bangkok, som dekkjer fleire land), Kina, Japan og Australia.

Historie

Jens E. Ekornes

Jens E. Ekornes etablerte J.E. Ekornes Fjærfabrikk i 1934. Foto frå 1960.

Av /Ekornes ASA.
Lisens: CC BY SA 3.0

I 1934 etablerte Jens Ellingsen Ekornes firmaet J.E. Ekornes Fjærfabrikk, som ein liten underleverandør av springfjører til den ekspanderande møbelindustrien på Sunnmøre.

I Sykkylven var det fleire møbelprodusentar i mellomkrigstida, og Ekornes satsa i byrjinga på spinning av spiralfjører til dei andre produsentane. På denne tida måtte alle møbelprodusentar i landet hente fjørene sine frå Austlandet, der Grorud Jernvarefabrikk i Oslo og Helly J. Hansen i Moss var to av hovudprodusentane. Metallfjører kunne like gjerne produserast i Sykkylven, meinte Ekornes. Han forhøyrde seg med lokale møbelprodusentar om dei kunne tenkje seg å kjøpe frå ein lokal entreprenør. Responsen var god, og Jens Ekornes kunne gå i gang med sin eigen fjørfabrikk.

I 1934 kjøpte Jens Ekornes den første fjørmaskina si frå Tyskland, etter å ha bygd den første fabrikkbygninga heilt nede ved sjøkanten på Ikornnes. Salet av fjører blei ein suksess, og frå å selje berre til lokale leverandørar, utvida Ekornes raskt til også å selje til resten av landet.

Det første året hadde Ekornes tre tilsette. Tre år seinare lanserte Ekornes dei første fjørmadrassane i Svane-serien: Eva, Ideal og Rekord. Den vesle fabrikken klarte å etablere seg i ein stadig veksande marknad, og sakte, men sikkert blei bedrifta utvida.

Etter ein tur til USA i 1946 hadde Jens Ekornes med seg heim att eit beslag som fekk mykje å seie for produksjonen av sovesofaer. Samtidig gjekk fabrikken over til å bli meir maskinell. Ekornes klarte å rasjonalisere produksjonen og dermed selje produkta til ein rimelegare pris enn før. I 1946 omsette Ekornes for 250 000 kroner. Året etter hadde omsetnaden auka til éin million. Over nokre år etter andre verdskrigen blei familiebedrifta Ekornes utvida med fleire avdelingar i andre kommunar.

Rasjonalisert produksjon

Ekornes, Sykkylven

Oversiktsbilete over hovudkontoret og stolproduksjonen til Ekornesfabrikken i Sykkylven.

Ekornes, Sykkylven
Av /Aftenposten/NTB.
Stovemøblement
Sofagruppen Santiago blei produsert av Ekornes frå 1973.
Sofa
Combina blei utvikla ved Ekornes med ekstern assistanse av designaren Ingmar Relling.
Sofa
Av .

I 1948 lanserte Ekornes Svane Sofaseng som fekk stor merksemd og selde godt i ei tid då mangelen på varer var stor. Tidleg i 1950-åra hadde firmaet ein sterk økonomisk vekst. Prisfordelar som lågare lønn enn på Austlandet og eit velfungerande nett med agentar spreidde over storparten av landet bidrog til denne veksten. Rasjonaliseringsarbeidet som vart gjort på fabrikkgolvet resulterte i høgare produktivitet og lønnsemd. Effektiviseringa av produksjonen førte til kraftige innsparingar og meir konkurransedyktige prisar.

I 1952 kosta ein Svane-madrass 150 kroner til forhandlar, medan den same madrassen kosta 135 kroner i 1959. Same året starta produksjonen av skumplast. Denne blei brukt til eigne produkt, men vart også seld til andre.

For å dekkje etterspørselen i Nord-Noreg kjøpte Ekornes i 1955 Bertnes Ullvarefabrikk utanfor Bodø for produksjon av madrassar. Seinare blei det også laga sofabenkar og divanar på denne fabrikken.

Sofaseng
Svane Sofaseng nr. 4. blei produsert av Ekornes frå 1959.

Introduksjon av profesjonell designar

Dei første 25 åra skjedde mesteparten av produktutviklinga av eigne tilsette. Då fabrikken omkring 1960 tok til på utviklinga av kombinasjonsmøbelet Combina, vart designaren Ingmar Relling kontakta. Då dei fleste premissa var lagde då Relling gjekk inn i prosjektet, var oppgåva hans mest å skaffe møblane eit tiltalande ytre. Combina slo an og vart Ekornes sitt første viktige eksportmøbel. Rundt midten av 1960-åra stod den tyske møbelkjeda Karstadt for 25 prosent av Combina-omsetnaden.

Merkevarebygging

Jens Petter Ekornes

Jens Petter Ekornes i 1990.

Jens Petter Ekornes
Av /NTB Scanpix ※.

Tidleg i 1960-åra ønskte Jens E. Ekornes å styrke merkevareidentiteten til firmaet. I 1961 blei bedrifta omdanna til aksjeselskap og fekk navnet J.E. Ekornes Fabrikker A/S. Nevøen Jens Petter Ekornes vart spesialplukka til ei stilling i salsavdelinga. I staden for å marknadsføre produkta via forhandlarane, gjekk dei heller direkte til forbrukarane. Resultatet var eit sterkare, landsdekkjande forhandlarnett. I 1966 byrja Ekornes som første møbelprodusent å dele ut produktinformasjon til alle norske husstandar. Denne blei kalla Svaneinformasjon.

Nye fabrikkar og oppkjøp

I 1962 byrja første byggetrinn av ein ny fabrikk på Fetsund. Fem år seinare tok avdelinga til med produksjon av skumplast. Samtidig blei det bygd ein ny fabrikk på Fetsund for produksjon av nålefilttepper, og i 1969 flytta madrassproduksjonen frå Ekornes til Fetsund. Tanken bak flyttingen var å kome nærare befolkningskonsentrasjonen rundt Oslofjorden.

I 1969 var 19,6 millionar av omsetnaden frå Fetsund, 38,2 millionar frå hovudavdelinga på Ikornnes og 1,3 millionar frå avdelinga ved Bodø.

I denne perioda overtok Ekornes også bedrifter som var konkurs eller i økonomiske vanskar, som til dømes Lenestolfabrikken Solid, Sykkylven (1959) og Vik & Blindheim Møbelfabrikk, Sykkylven (1966). Ved slike oppkjøp kunne Ekornes utvide produksjonskapasiteten. Dei to fabrikkane blei seinare omdanna til selskapet Svanemøbler, som var ein rein underleverandør til morsselskapet. Ekornes brukte også eksterne underleverandørar i ei viss utstrekning. Mellom anna leverte Brødrene Hole Møbelfabrikk i Sykkylven senger til bedrifta.

I perioden 1960–1969 auka omsetnaden frå om lag 15 millionar kroner til 59,1 millionar kroner.

Stressless, eksport og ekspansjon

Sofa
Ekornes sofa i Svane-serien frå rundt 1970.
Sofa
Av .

I 1969 byrja Ekornes utviklinga av eit nytt sitjekonsept. Ideen var å lage ein kvilestol med trinnlaus regulering for sete og rygg. Tidlegare forsøk hadde mislukkast, og Ekornes søkte difor ekstern kompetanse. Dette fann dei hos nyetablerte Møre Designteam i Sykkylven. Saman utvikla dei Ekornes sin trinnlause glidebane som regulerer sitjestillinga til stolen.

Etter ei tid designa dei modellane Stressless Global og Stressless Original (1971). Stressless Original vart raskt ein suksess og bidrog til at Ekornes vaks kraftig. I løpet av fire tiår har firmaet vidareutvikla dette sitjekonseptet til å omfatte ei rekkje kvilestolar i Stressless-serien.

Suksessen med Stressless førte til eit behov for eigne avdelingar for metallbearbeiding, mekanisk verkstad og galvanisk arbeid. I 1970-åra blei Stranda Lenestolfabrikk, Gjerde Fabrikker, Hanken Industrier og P.I. Langlos Fabrikker kjøpt opp. Dei følgande åra blei Ekornes eit av dei mest aktive eksportselskapa i Noreg, der USA og England var dei viktigaste. På dette tidspunktet var Ekornes også Noregs desidert største møbelprodusent. I 1972 hadde dei 420 tilsette.

Jan Erik Lindgren vart tilsett som sjefdesignar i 1976. Frå at produktutviklingsavdelinga tidlegare hadde samarbeidd med eksterne designarar, kunne Ekornes no utvikle ei meir heilskapleg designlinje. Til ungdommen utforma dei den rimelege og nette Stressless Junior i hud og stålrør (1978). Stressless Globe frå 1979 var ei vidareføring av Stressless Global frå 1971.

Allereie i 1980 omsette Stressless-serien for over 100 millionar kroner. Same året introduserte bedrifta den første Stressless-modellen med trefot og etablerte markedssamarbeid med eksportorganisasjonen Westnofa. Følgande år auka eksporten frå rundt 20 til 27 prosent. Parallelt distribuerte Westnofa og Ekornes ein åttesiders møbelbrosjyre som innlegg i amerikanske aviser.

Oppkjøp og økonomiske vanskar

I 1984 kjøpte Ekornes den svenske møbelprodusenten Ulferts. Over natta gjekk bedrifta frå 800 til 1500 tilsette. Tanken bak oppkjøpet var å få betre innpass på den tyske marknaden. Samtidig med oppkjøpet tok Ekornes over lisensrettane til Sacco-sekken. I åra som følgde kom det fleire sofaer og stolar som likna på Sacco, mellom anna den godt polstra modellen Stressless Regent (1986). I 1984 kjøpte Ekornes også det vesttyske Erpo og i 1990 danske Domino.

Fram til rundt 1980 la bedrifta vekt på å halde prisane nede. Rasjonelle produktlinjer resulterte i låge prisar, samtidig som at Ekornes leverte funksjonelle møblar med høg kvalitet. I takt med lønnsveksten måtte ein i midten av 1980-åra finne andre fordelar enn prisfordelar. Prisauka førte ifølge leiinga til at Ekornes-møblane var så dyre at dei gav status.

Bik Bok Casa

Sofa
Sofa i Ekornes og Bik Bok Casa Collection frå midten av 1980-åra.
Sofa
Av .

I 1986 ønskte Ekornes å lage ein kolleksjon som appellerte til ungdommen. Saman med kleskjeda Bik Bok etablerte ein difor eit samarbeid rundt kolleksjonen Bik Bok Casa. Møblane vart marknadsførte som personlege, trendsettande og kontinentale. Gjennomgangsfargane var «pink, mint, blått, gult, kvitt, grått og svart». Formspråket var inspirert av modernisme frå 1930-talet, med sirklar, sylindrar, trekantar og asymmetri.

Møblane vart produserte ved Ekornes og samarbeidspartnaren A. Huseby & Sønn i Våle i Vestfold, pluss ei rekkje underleverandørar. Det viste seg raskt at ein ikkje klarte å imøtekome etterspurnaden, og leveringane vart kraftig forseinka. Etter ei tid vart det bestemt å leggje ned kolleksjonen for å satse vidare på rasjonell masseproduksjon, og ikkje minst på vidareutvikling av Stressless-konseptet.

Standardisering

Stol
Armstolen Montana blei produsert av Ekornes frå omkring 1980.

I 1980 kom det i alt 23 nye Stressless-modellar, noko som førte til ein anstrengd økonomi for Ekornes. For å snu på Ekornes sine økonomiske utfordringar kom Jens Petter Ekornes tilbake som direktør i 1990. Same året selde Ekornes Ulferts til svenske kjøparar for ein symbolsk sum på éi krone, for å stoppe den negative pengestraumen. Samtidig var Ekornes nær ved å gå konkurs.

Ei av mange utfordringar for Ekornes var den store variantbreidda. Talet på komponentar til dei ulike Stressless-modellane kompliserte og fordyra produksjonen. Arve Ekornes, som vart tilsett i 1992 som leiar for produktutviklingsavdelinga, ønskte å standardisere drifta. Komponentar blei utvikla for å passe til fleire modellar, og ein ny produksjonsplattform blei etablert. Modellar som Ekornes tapte pengar på blei tekne ut av produksjon. Firmaet fekk større fokus på lønnsemd og oppnådde større produksjonsfleksibilitet. I løpet av få år blei dagsproduksjonen av Stressless fordobla.

I 1997 lanserte Ekornes madrassen Svane Stressless med innebygd Stressless-funksjon. Med gasslift og fjernkontroll som regulerte liggje- og sitjestilling til madrassen var soverommet for alvor gjort om til ein «liggjemaskin». Det same året kjøpte Ekornes Vestlandske Møbelfabrikk i Sykkylven. Med på kjøpet følgde alle modellane, deriblant Ingmar Relling sin kvilestol Siesta. Ekornes såg at dei kunne inkorporere stolen i Stressless-konseptet, og i 1998 vart Siesta Stressless lansert. Stolen vart ingen større suksess og gjekk ut av produksjon etter få år.

Ekornes Møbler AS

Kvilestol
Stressless John har understell i støypt aluminium, regulerbart sete og justerbar nakkepute.

I 1995 blei Ekornes notert på Oslo Børs. Komande år førte til kraftig vekst. Året etterpå kjøpte Ekornes stoppmøbelprodusenten Utgård Mestermøbler på Hareid. Oppkjøpet var strategisk, då etterspurnaden etter Ekornes sine sofaer var stigande. I 1999 blei produksjonseiningane på Stranda, Hareid og Grodås samla i eitt selskap, og det nye selskapet Ekornes Møbler AS blei oppretta.

Omkring årtusenskiftet konstruerte bedrifta avanserte produksjonsanlegg i Sykkylven. I 2004 kom den nye Stressless-fabrikken i drift, med ein kapasitet på 2000 stolar per dag. Same året opna «Ekornes Bua», eit permanent showroom i Ålesund.

Ekornes utviklar og produserer stadig produkt som utmerkjer seg både i komfort og funksjon. Forretningsideen til bedrifta er å tilby produkt som i pris og design vender seg til eit breitt publikum. Sidan midten av 2000-talet har mange Stressless-kvilestolar kome i storleikane liten, medium og stor. I 2005 var eksportandelen på Stressless heile 95 prosent. Etter finanskrisen i 2008 opplevde bedrifta ein kraftig nedgang i etterspurnaden, særleg frå USA.

Stressless Jazz frå 2007 var eit av dei viktigaste produkta for Ekornes på 2000-talet. Stolen skil seg ut på fleire måtar samanlikna med andre modellar. Setekonstruksjonen har referansar til både romfartsindustrien og formuniverset til 1920-talet («jazzalderen»). For Stressless Jazz fekk Ekornes utmerkinga Merket for god design i 2008.

Frå 2010-talet har Ekornes utvikla Stressless-konseptet i nye retningar, samtidig som grunnideen bak produktet er tydeleg. Lanseringa av kolleksjonen med kontorstolar i 2013 var nærmast eit paradigmeskifte. Med fleire heimekontor vart behovet for sitjekomfort i heimemiljøet større. Under koronapandemien i 2020–2022 opplevde Ekornes historisk høge produksjonstal.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Høidal, Eldar (2009). Ekornes: Fra springfjær til Stressless, Norsk Møbelfaglig Senter
  • Møller, Arvid & Thorseth, Lasse (1974). Jens fra Ekornes, Luther Forlag
  • Giske, Kari og Grytten, Harald (1987). Jens Petter Ekornes: Mannen og bedriften, Bedriftsøkonomens forlag

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
31.090 Produksjon av møbler ellers

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg