Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Grímsvötn
Satellittbilete av Grímsvötn i juni 2012. Vulkanen har smelta hol i iskappa.
Av /NASA.
Lisens: CC BY 2.0

Grímsvötn er ein vulkan og innsjø i det søraustlege Island. Den ligg under sentrale delar av landets største isbre, Vatnajökull.

Innsjøen ligg 1725 meter over havet og bygger seg opp fordi undersida av breen brånar av jordvarme og vulkanutbrot. Nivået i Grímsvötn når etter kvart ei kritisk grense, der vassmengdene lyftar isbreen og innsjøen blir tappa under isen. Dette skaper store flaumar, såkalla jøkulhlaup. Det er registrert over tjue slike tappingar dei siste hundre åra, med to til ti års mellomrom.

Eit vulkanutbrot under isen i 1996 førte til at store mengder vatn smelta og fylte opp Grímsvötn og laga det største jøkulhlaupet som nokon gong er registrert. Grímsvötn er ein av Islands mest aktive vulkanar, og nye utbrot kom i november 2004 og mai 2011.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg