Då Havtore og Agnes gifte seg, fekk Agnes 15 gardpartar på Romerike, med samla landskyld (leieinntektar) på noko over 5 markebol, i heimanfølgje. I 1312 dro kong Håkon gardpartane inn att under kongedømet «til æveleg eigedom», og i staden la han ut Sorknes i Solør med ei landskyld på 6 markebol. Det kan vere naturleg å tolke dette slik at kongen la ut eigedomar av sitt private jordegods (patrimonium) då dottera gifte seg. Då han gjorde om gåva – truleg etter bøn frå svigersonen – tok han ein gard av det eigenlege krongodset (bona corona), og i staden overførde han til krona det han tidlegare hadde lagt ut av privatgodset.
Ein slik praksis, som var vanleg i Vest-Europa, har vi også andre døme på i Noreg, men sidan Noreg var eit arverike, var skiljet mellom patrimoniet og bona corona (altså mellom kva som var kongens personlege eigedom og kva som var kongedømets som institusjon) ikkje så absolutt her. Berre fire dagar etter byttet fekk Havtore ei ny storstilt gåve «for dei store tenestene som Vi jamnleg har fått av mågen Vår», nemleg kongens tomt og gard i Sarpsborg med jordstykke og fossefall. Dette var det seinare Borregård, som vart verande i etterslekta til Havtore Jonsson til fram på 1600-talet.
Skea i Sørum, der Havtores farfar hadde tilhald, var også seinare ein av hovudgardane i Sudreimgodset. Det er først med Havtore at Sørum gard blir omtala som hovudgard, og då i samband med den sysla han hadde på Romerike. Sørum kan tidlegare ha vore krongods, og det kan ha vore som syslemann og kongsfrende at Havtore overtok garden. Ein hovuddel av Sudreimgodset låg i Borgarsysla, mellom anna storgarden Huseby i Onsøy, og med Borregård fekk eigedomen her ein kraftig tilvekst. I arveoppgjeret etter Havtore fekk eldstesonen Jon Borregård-/Huseby-delen, medan Sigurd fekk Sørum-delen med Giske, som vart hovudgarden til Sigurd.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.